Jørgen Leonard Firing () var ein norsk skipsingeniør og Høgre–politikar frå Horten.
Firing utdanna seg ved Horten tekniske skole. Frå 1915 til -17 arbeidde han for White Poppe Ltd Motorengineers i Coventry. Under den fyrste verdskrigen kjempa han for Storbritannia i Palestina og Egypt, tildelt British War Medal og Allied Victory Medal. Han var frå 1920 tilsett ved Marinens hovedverft i Horten fram til 1960, dei siste 12 åra som direktør.
Firing var medlem i Horten bystyre 1925–31 og 1945–63. Hausten 1945 vart han vald til å representere kjøpstadene i Vestfold fylke på Stortinget. På Tinget var han medlem i Militærkomiteen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold-byane Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Lokalpolitikarar i Horten Kategori:Norske ingeniørar Kategori:Folk frå Horten