Tyrkia er blant dei eldste kulturområda i verda etter geografisk plassering, men republikken Tyrkia som arving til Det osmanske riket er av nyare dato, skapt då sultan Mehmet VI blei kasta av den nye republikanske samlinga i Tyrkia i 1922. Det nye regimet gjorde statskupp mot det osmanske regimet som hadde tapt det meste av territoriet sitt i fyrste verdskrigen. Historia til moderne Tyrkia byrjar med grunnlegginga av republikken i 1923 med Mustafa Kemal (Atatürk) som den fyrste presidenten. Denne artikkelen vil likevel gå tilbake til dei eldste tidene.

Førhistorie mini|Gudinne på trone flankerte av to løvar. Funn frå Çatal Höyük frå kring 5000 f.Kr. Deler av dagens Tyrkia (omkring det øvre løpet til Eufrat og Tigris) ligg innanfor den fruktbare halvmånen, og har hatt fastbuande jordbrukarar i svært lang tid – kanskje 12 000 år.

Tyrkia har også husa nokre av dei tidlegaste bydanningane i historia. Den mest kjende er Çatal Höyük, som i det 7. tusenåret f.Kr. hadde ein folkesetnad på 5 000. Byen hadde eit irrigasjonssystem som er det eldste ein kjenner til i verda. Ved Çayönü nær Diyarbakır har tyrkiske arkeologar grave ut ein by der det ser ut til at ein har framstilt jern så tidleg som 5 000 f.Kr. og koppar så tidleg som 7 000 f.Kr. – den eldste kjente metallproduksjonen i verda.

Den mest kjende arkeologiske lokaliteten i Tyrkia er Troja, som blei anlagt ca. 3 000 f.Kr. Storleiken på nokre av husa, i tillegg til alle dei kostbare gjenstandane som blei funne under utgravingane i Troja, viser at det finst maktsenter av ein viss storleik i Anatolia i det 3. tusenåret f.Kr. Dette blir òg stadfesta av andre funn frå same tid. Mot slutten av tusenåret gjekk mange av dei tidlegare blomstrande bysentera til grunne, og blei etter kvart avløyste av langt mindre og fattigare byar. Det ser ut til at Anatolia blei invadert av eit folk frå nordvest, og at det var krig i området.

Tidleg historisk tid Dei eldste vesleasiatiske innskrifta finst på leirtavler frå kring 1800 f.Kr. Det fyrste samfunnet som etterlet seg skrift var hettittarriket. Tavler med dels kileskrift og dels hieroglyfar fortel om eit sentralisert rike styrt av ein overkonge som dominerte eit føydalt nett av småkongar. Hettittane låg i krig med naboar som Arzawa og Ahhiyawa. I løpet av det 2. tusenåret breidde Assyria seg oppover Eufrat- og Tigrisdalen. Kysten av Egearhavet og Middelhavet hadde på denne tida mykensk busetjing.

Rundt 1250 f.Kr. blei hettittarriket og andre nærliggande rike i sentrale Vesleasia invadert av frygarane. Frygarane var eit indoeuropeisk folk som truleg kom frå Trakia, men utgravingar av dei to største frygiske byane Midas Şehri og Gordion har ikkje avdekt noko skriftleg materiale etter frygarane. Rundt 700 f.Kr. var det ute med det frygiske riket, og ei tid var Lydia det store riket i Vesleasia. Den siste store lydiske kongen var Kroisos, eller Krøsus.

I 546 f.Kr. trengte persarane inn i Lydia og gjorde riket til ein persisk provins med hovudstad i Sardes. I eit par hundre år var heile Vesleasia styrt av persarane, og var då inndelt i fire provinsar, kvar styrt av ein satrap. I dei greske områda på kysten var persarane hata for hardstyre og øydeleggingar, medan i det indre av landet, der ein del persiske handelsmenn sjølv slo seg ned, kan tilhøyringa ha vore betre.

Hellenismen I 334 f.Kr. gjekk Aleksander den store over Hellesponten (Dardanellane), og i løpet av eit års tid hadde han lagt heile den persiske delen av Vesleasia under seg. Etter at Aleksander døydde i 323 blei dei ulike regionane styrt av generalar frå hæren til Aleksander og etterkomarane deira.

Dermed byrja ei utstrekt hellenisering av det indre av Vesleasia. Kysten hadde då gjennom fleire hundreår vore under innverknad av dei mange greske bystatane. Denne utbreiinga av gresk kultur gjev namn til tida mellom Aleksander og Romarriket. I byane blei det bygd greske tempel, stadion, teater og odeon for dyrking av gresk kultur. Den mest imponerande av desse hellenifiserte byane har truleg vore Pergamon. Det greske språket spreidde seg på kostnad av eldre, lokale språk som lykisk, pamfylisk og frygisk.

Det var hyppige stridar mellom ulike rivaliserande dynasti, og i 279 f.Kr. engasjerte kong Nikomedes I av Bithynia keltisk leigesoldatar frå Sentral-Europa som militær støtte. Desse galatarane slo seg ned i det austlege Frygia nær Ankara, og kalla landet Galatea. Keltisk språk heldt seg i fleire hundreår i denne delen av Tyrkia.

Romarriket mini|Port bygga til ære for keisar Augustus i Efesos i Tyrkia. Kring 200 f.Kr. byrja romarane å gjera innfall på kysten av Vesleasia. Det fyrste store slaget mellom romarane og lokale fyrstar stod ved Magnesia i 190 f.Kr. I løpet av dei følgjande to hundreåra la romarane under seg heile området som i dag er Tyrkia. Mange lokale herskarar freista å stansa den romerske frammarsjen, og mange romerske generalar skaffa seg ære og berømming på slagmarka i Vesleasia, blant dei Sulla og Pompeius. Julius Cæsar avslutta Pompeius sitt arbeid i 47 f.Kr. med slaget ved Zela, der han uttalte «Veni. Vidi. Vici».

Det romerske styret førte fred og stabilitet til Vesleasia, og særleg det frå før mindre utvikla innlandet naut godt av romersk administrasjon. Ankara blei bygd opp til ein stor og viktig innlandsby. Samstundes førte romarane ein hard skatteleggingspolitikk som førte verdiar ut av landet.

Folkevandringane som etter kvart sprengte Romrariket, var òg merkbare i Vesleasia. I 258 e.Kr. trengte gotiske stammar inn i landet og plyndra Ankara og byar så langt aust som i Kappadokia. Gotarane blei slått tilbake av Claudius II i 269. Omtrent på same tid auka persarane presset mot den romerske austgrensa. Her bli tol og med ein romersk keisar, Valerian, tatt til fange og døydde i persisk fangenskap.

Vesleasia blei raskt eit kristent kjerneområde. Apostelen Paulus var frå Tarsus, og mange av reisene som er skildra i Apostelgjerningane gjorde han mellom byar i Vesleasia. Ein av dei tidlege tilhaldestadane til dei kristne var Antiokia, der Peter budde. Romerske guvernørar kjempa mot dei kristne i varierande grad, og under keisar Diokletian i 303 blei det sett i verk store kristenforfølgingar i fleire byar. Etter at keisar Konstantin omvendte seg og blei den fyrste kristne keisaren i Romariket, tok det berre eit par årstider før kristendomen var blitt statsreligion.

Det bysantinske riket venstre|mini|Bronsestatue av Konstantin den store i York i England, nær staden der han blei proklamert som «augustus» i 306. Etter omvendinga si til kristendommen ville keisar Konstantin den store bort frå det gamle maktsentrumet i Roma med dei heidenske tradisjonane sine. I 322 valde han difor å flytta hovudstaden nærare det kristne kjerneområdet i Vesleasia. Etter fyrst å ha peikt ut Troja som ny hovudstad, ombestemte han seg og oppretta det nye Roma i provinsbyen Bysants ved Bosporos, som no fekk namnet Konstantinopel. Frå 330 var Konstantinopel romersk og kristen rikshovudstad.

Medan den vestlege delen av det romerske riket i dei følgjande hundreåra blei invadert av germanske og andre barbariske stammar, var den austlege delen ikkje påverka av kaoset i vest. Det 5. og 6. hundreåret var prega av fred, stabil økonomi og stor praktutfolding. Etter kvart blei latin fortrengt av gresk latin som hoff- og administrasjonsspråk. Utdanningssystemet blei fullstendig kristent, kyrkja blei den mektigaste institusjonen i alle byar, og dessutan den største byggaren. Katedralen Hagia Sofia frå midten av 500-talet står som eit symbol på den kristne praktutfaldinga i det austromerske riket. høgre|mini|300x300pk|Austomarriket ca. 550, Justinian I sine erobringar er farga i grønt. Då keisar Justinus I døydde låg heile området av det som i dag er Tyrkia innanfor grensene til det austromerske riket. Men i tiåra som følgde kom riket under press frå nabofolk både i nord og aust, og på byrjinga av 600-talet rykka persiske styrkar inn og nådde så langt vest som Kadıköy (Kalsedon) ved Marmarahavet. Mange byar blei øydelagde; særleg gjekk det hardt ut over den praktfulle provinsbyen Ankara. Samstundes fann det stad eit kulturelt og økonomisk samanbrot.

I 628 lukkast keisar Herakleios i å driva ut persane, men krigen svekka både Bysants og Persarriket så mykje at angripande muslimske arabarar i 654 kunne trenga heilt fram til Ankara. Dei austlege provinsane gjekk tapt, men dei nye muslimske herskarane praktiserte ein stor grad av religionsfridom, slik at kristne samfunn har kunna leva vidare innanfor dei muslimske områda fram til moderne tid.

I Poson vann Bysants eit avgjerande slag mot ein arabisk hær, og Det bysantinske riket heldt fram å vera ein stormakt i dei følgjande hundreåra. Under Basileios II blei grensene flytta både nordover mot Bulgaria, austover mot Armenia og sørover mot Palestina. Etter at Basileios døydde i 1025 blei riket svekka av blodig rivalisering om makta. Samstundes gjorde splittinga i ei austleg og ei vestleg kyrkje at Bysants blei isolert frå tidlegare forbundsfellar i Europa.

Tyrkarane kjem Tyrkarane var eit ryttarfolk som kom frå steppene langt aust i Sentral-Asia, og som hadde lagt ut på vandring. På 1000-talet grunnla eit tyrkisk folk under leiing av Seldsjuk-klanen eit rike på armensk, persisk og arabisk område, og byrja å leggja press på austgrensa til Det bysantinske riket. I 1071 stod eit slag mellom 14 000 seldsjukryttarar og 150 000 leigesoldatar frå Bysants ved Malazgirt. Slaget blei vunne av tyrkarane.

Bysant fotsette med å halda stand mot dei muslimske tyrkarane i lang tid. I Anatolia skjedde likevel ein gradvis innvandring og islamisering, og den bysantinske sentralmakta stod svakt i dei austlege områda. På 1200-talet slo seldsjukkane og bysantinarane hærane sine saman i eit forsøk på å stoppa den mongolske invasjonen frå aust, men kunne likevel ikkje hindra at mongolane trengte langt inn i Vesleasia.

Det osmanske riket mini|Sultan Mehmet gjer inntog i Konstantinopel.

Det samla trykket av krosstoga, mongolane og andre tyrkiske stammar som trengte vestover gjorde at seldsjukdynastiet etterkvart gjekk i oppløysing. På 1200-talet blei det avløyst av ei rekkje mindre, muslimske fyrstedøme. Eit av desse hadde sete på eit gods nær byen Eskişehir i det vestlege Vesleasia, og var leia av Osman Gazi. Plasseringa var strategisk mellom det sterkt svekka Bysants i vest og svake seldsjukkiske småstatar i aust.

I 1301 vann hæren til Osman over ein talmessig overlegen bysantinsk styrke i slaget ved Baphaion. Ryktet om krigslykka til Osman spreidde seg i den muslimske verda, og muslimar over heile Vesleasia slutta seg til han. I slaget ved Nicomedeia i 1308 sigra osmanane igjen, og i dei følgjande åra blei Det bysantinske riket redusert til ikkje stort meir enn ein bystat som fekk leva vidare på nåde frå osmanane.

Osmanane oppretta hovudstaden sin i Bursa i 1326. Under sonen til Osman, Orhan Gazi, og sonesonen Murad I byrja det osmanske riket ekspansjon for alvor. Osmanane kryssa Bosporos og besette det meste av Balkan i løpet av 1300-talet. Hovudstaden blei flytta til Adrianopel i Thrakia og fekk sitt tyrkiske namn Edirna. Sonen til Murad, Beyazid, stod imot det siste desperate forsøket til kristne Europa på å kasta ut muslimane, og 10 000 krossfararar måtte bøta med livet i slaget ved Nikopolis i dagens Bulgaria i 1396.

Ei ny mongolsk angrepsbølge under leiing av Timur Lenk medførte nesten slutten på Det osmanske riket, då Timur og ryttarane hans knuste ein osmansk hær i slaget ved Ankara i 1402 og tok Beyazid til fange. Deretter rykka dei heilt fram til Izmir.

Inngangen til mongolane blei likevel eit intermesso, og Det osmanske riket blei snart omorganisert. I 1451 bestemte sultan Mehmet II seg for å innta Konstantinopel, og 29. mai 1453 fall dei siste restane av Det bysantinske riket etter ei langvarig omleiring. Det osmanske riket nådde høgdepunktet sitt med omsyn til territorium, organisasjon og kulturelt under sultan Suleiman I på 1500-talet.