Christopher Nyholm Debess () var ein færøysk røyrleggjar- og blekkslagarmeister, diktar, omsetjar og politikar for Sjálvstýri.

Nyholm Debess vart fødd på Viðareiði, men voks opp i Tórshavn. Han drog til Bergen som attenåring for å gå i lære som røyrleggjar (i 1898), og kom attende til Tórshavn i 1904. Frå Bergen hadde han med seg minna om samhaldet mellom norske ungdommar, og han tok initiativ til å stifta Havnar Ungmannafelag saman med Petur Alberg og Mads Andrias Winther i 1906.

Nyholm Debess var kjend som diktar og omsetjar. Frå nynorsk omsette han skodespel av Torvald Tu, gjeve ut på færøysk som «Vinalig hjún». Debess gav i 1934 ut den einaste diktsamlinga si, Yrkingar og týðingar. Boka Aldan og onnur brot vart gitt ut posthumt i 1998.

Han var vald inn på Lagtinget frå Suðurstreymoy 1918–1936 og til kommunestyret i Tórshavn 1921–1932.

Christopher Nyholm Debess var oldefar til språkforskaren Iben Nyholm Debess.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nyholm Debess» frå , den 1. juni 2026.

Kategori:Folk frå Tórshavn Kategori:Færøyske forfattarar Kategori:Færøyske lagtingsmedlemmar