King Salmon er ein busetnad i Bristol Bay Borough i den amerikanske delstaten Alaska. Byen fungerer som administrasjonsstad for nabofylket Lake and Peninsula Borough.

På 1930-talet bygde amerikanske styresmakter ein flynavigasjonssilo der King Salmon ligg i dag, og ved byrjinga av andre verdskrigen bygde U.S. Army Air Forces ein flybase rundt denne siloen. På 1940- og 1950-talet bygde U.S. Army Corps of Engineers ein 25 kilometer lang veg frå King Salmon til Naknek, noko som førte fleire folk til staden.

King Salmon er no eit senter for kommersiell lakseindustri og for sportsfiske. Ved byen finst King Salmon lufthamn som har flygingar til andre stadar i Alaska.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «King Salmon» frå , den 25. juni 2026.

Kategori:Byar i Alaska Kategori:156°W Kategori:58°N