Neyshabur er ein by i nordaustre Iran. Han ligg i provinsen Razavi-Khorasan og hadde 239 185 innbyggjarar ved folketeljinga i 2011. 

Neyshabur oppnådde stor tyding som den eigentlege residensbyen til sasanidane under Yazdegerd II ved midten av 400-talet. I den seinare delen av sasanidetida gjekk det tilbake med Neyshabur. Men byen fekk ein renessanse som residensby for tahiridane, samanidane og seldsjukkane.

På 800- til 1000-talane var Neysahbur eit hovudsete i den iranske kulturen. Nedgangstida byrja då byen blei erobra av dei turkmenske oghuz-tyrkarane i 1154. Jordskjelv i 1208 og 1280, og mongolske herjingar i 1220 og 1269 øydela den tidlegare tydinga til byen.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Neyshabur» frå , den 27. juni 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Razavi-Khorasan Kategori:Byar i Iran Kategori:58°E Kategori:36°N