Gunnar Mikael Höckert () var ein finsk langdistanseløpar som vart olympisk meister på 5 000 meter under Sommar-OL 1936. Han fall i Den finske vinterkrigen.

Yrke Höckert var son av ein bankmann. Sjølv studerte han økonomi ved Handelshögskolan i Sverige, uteksaminert i 1936. Perioden 1934-40 var han, etter tur, tilsett i Electrolux, Mercantile Oy til sist ved Kapselo Ab som prokurator.

Idrett Finalen på 5 000 meter under OL i Berlin 1936 starta i høgt tempo. Dei fyrste rundane av løpet førte Donald Lash frå USA feltet. Etter 2 000-meter utvikla tevlinga seg til eit oppgjer mellom Lauri Lehtinen, verdsrekordhaldar og tittelforsvarar frå Los Angeles i 1932, og landsmannen Gunnar Höckert. I siste runde passerte Höckert Lehtinen og sette olympisk rekord på 14.22,2.

Etter sommarleikane sette Höckert fleire verdsrekordar. 16. september i Stockholm forbetra han rekorden  på 3 000 meter til 8.14,8. Ei veke seinare, på same bana, vart han klokka i mål til rekordtida 8.57,4 på 2 miles. Ytterlegare ei veke seinare, i Malmö, slo han verdsrekorden på 2 000 meter med tida 5.21,8.

Sidan var Höckert hemma av revmatoid artritt, og han nådde ikkje nivået frå 1936.

Soldat Höckert, som gjennomførte militærtenesta i 1932–33, var med i Vinterkrigen som friviljug. Han var troppsjef og deltok i Slaget på karelske neset ved Marjapellonmäki. Reservefenrik Höckert fall nær landsbyen Karhula ved Kinnassaari då ein granat trefte ei mitraljøse-stilling. Til minnet om Höckert donerte Lauri Lehtinen si eiga olympiske gullmedalje, som han hadde vunne i 1932, til den såra soldaten Matti Mäkinen som hadde utmerka seg i slaget.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gunnar Höckert» frå , den 3. juli 2026.

World Athletics

Kategori:Finske langdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Finland Kategori:Finske soldatar Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936