Gisela Mauermayer () var ein tysk idrettsutøvar frå München som vart olympisk meister 1936 og europameister 1938 i diskoskasting.
Liv Mauermayer byrja med friidrett i 1926. Ho deltok 1930 og 1934 i verdsleikane for kvinner. I dei 4. verdsleikane i London i 1934 vann ho kulestøyt og femkamp, den siste med verdsrekord på 377 poeng ifylgje dåverande tabell. I diskoskast kom ho på andreplass.
11. juli 1936 sette Mauermayer verdsrekord i diskoskasting med 48,31 meter i Berlin, ein rekord om stod i 12 år. Under dei olympiske sommarleikane same staden eit par veker etter, vann ho gullmedaljen i øvinga med eit kast på 47,63 meter i den fyrste omgangen. To år seinare hadde ho dei fire beste kasta då ho vann diskos-øvinga ved EM i friidrett 1938 i Wien, lengst nådde ho med 44,80 meter i den siste omgangen. I tillegg fekk ho sølvmedaljen i kulestøyt, med eit bestestøyt på 13,27 meter enda ho 2 små centimeter bak landskvinna Hermine Schröder.
Mauermayer vart tysk meister i kulestøyt sju gongar: 1934 og 1937-42, og frå 1934 til 1942 ni gongar i rad i diskoskast. Åra 1933, 1934 og 1938 vart ho tysk meister i femkamp. Ho slutta med aktiv idrett i 1942.
Mauermayer var frå 1938 til 1945 idrettslærar ved Städtische Luisengymnasium i München. Ettersom ho hadde meldt seg inn i NSDAP allereie 1. april 1932, medlemsnummer 925 754, fekk ho ikkje arbeide som lærar etter andre verdskrigen. Ho studerte i biologi og tok ein doktorgrad faget. I tida frå 1954 til 1975 var ho bibliotekstyrar ved dei zoologiske samlingane i München.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Gisela Mauermayer» frå , den 7. juli 2026.
Kategori:Tyske diskoskastarar Kategori:Tyske kulestøytarar Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936 Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Folk frå München