Walter Schmidt () er ein tysk tidlegare sleggekastar frå Lahr/Schwarzwald som forbetra verdsrekorden i øvinga i 1971 og på ny i 1975. Han representerte Vest-Tyskland.
Aktiv Schmidt sette tysk rekord i Darmstadt den 9. juni 1970. Kastet på 72,92 meter plasserte han på andreplass på årsstatisikken, einast verdsrekordhaldaren Anatolij Bondartsjuk kasta lengre i 1970. Etter å ha vorte femtemann i EM i friidrett 1971 med 70,54 m, reiste Schmidt til heimbyen der han tre veker seinare, den 4. september, kasta sleggja 76,40 meter, ny verdsrekord.
Schmidt deltok ikkje i Sommar-OL 1972, ei heller i europameisterskapen 1974. Den 14. august 1975 i Frankfurt am Main forbetra han verdsrekorden til 79,30 m då han vart vesttysk meister i sleggjekasting. Rekorden stod i tre år. Men ved universiaden i Roma i september nådde han ikkje lenger enn 72,00 m og kom på andreplass.
Sommaren 1976 kasta Schmidt sleggja over 78 meter, men enno ein gong lukkast han ikkje å kaste opp mot sitt beste i store meisterskap. I OL-finalen i Montreal kasta han som best 74,72 m og vart nummer 5.
I 1977, etter han hadde lagt opp, vart det kjent at Schmidt hadde nytta anabole steroidar.
Schmidt arbeidde som gymnastikk- og geografilærar i Frankfurt am Main.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Walter Schmidt (Leichtathlet)» frå , den 21. juli 2026.
World Athletics
Kategori:Tyske sleggekastarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976