A Saucerful of Secrets er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd, gjeve ut 29. juni 1968 på EMI Columbia i Storbritannia og 27. juli 1968 i USA på Tower Records. Albumet vart spelt inn før og etter Syd Barrett forsvann frå gruppa. Då oppførselen til Barrett vart stadig meir uføreseieleg, vart han nøydd til å slutte i gruppa og David Gilmour vart henta inn i 1968.

Som følgje av dette vart A Saucerful of Secrets det einaste Pink Floyd-albumet, om ein ser bort frå samlealbum, der alle dei fem medlemmane deltok. Gilmour var med på fem songar (alle utanom «Remember a Day» og «Jugband Blues»), medan Barrett var med på tre («Remember a Day», «Jugband Blues» og «Set the Controls for the Heart of the Sun»). «Set the Controls for the Heart of the Sun» var den einaste songen der alle fem medlemmane spelte samstundes. Trommeslagaren i Nick Mason har omtalt A Saucerful of Secrets som favorittalbumet hans av Pink Floyd.

A Saucerful of Secrets nådde niandeplassen på den britiske albumlista, men gjekk ikkje inn på lista i USA i det heile, det einaste albumet deira som ikkje klarte dette. Albumet fekk stort sett positive meldingar, men mange kritikarar har meint at det var dårlegare enn The Piper at the Gates of Dawn.

Bakgrunn Frå midten til seint i 1967 var oppførselen til Syd Barrett blitt merkbar annleis, og på ein av konsertane under den første amerikanske turneen deira, sto han berre på scenen og langsamt stemde ned gitaren sin. Publikum, som var forventa at bandet kom til å eksperimentere, verka å like det dei såg, og var ikkje klar over at resten av bandet var forskrekka. Under turneen vart Barrett intervjua på showet til Pat Boone og svaret på spørsmåla til Boone var «eit blankt og totalt fråverande blikk» og han mima ikkje til framføringa. Barrett oppførte seg på liknande vis då dei spelte på det populære TV-showet til Dick Clark, American Bandstand. Barrett mima ganske godt til framføringa av «Apples and Oranges», men svarte utan interesse eller entusiasme på spørsmåla til Clark.

Innspeling Med Syd Barrett Albumet vart spelt inn i EMI Studios i London. Dei første songane spelte inn for albumet var Roger Waters sin «Set the Controls for the Heart of the Sun» og ein Barrett-song som ikkje kom med på albumet, «Scream Thy Last Scream», som vart rekna som ein potensiell singel.Palacios 2010, s. 262 Begge vart spelte inn 7–8. august 1967.Jones 2003, s. 23Chapman 2010, s. 186 Dei to spora vart arrangerte for ein singel den 8. september, før plateselskapet til bandet, EMI, la ned veto.Palacios 1998, s. 180 Bandet spelte inn «Vegetable Man» i De Lane Lea Studios 9–11. oktober,Palacios 1998, s. 194 og vendte attende seinare i månaden, den 19. oktober, for å spele inn «Jugband Blues»,Manning 2006, s. 41 der produsenten Norman Smith hyrte inn eit band frå Frelsesarmeen etter ynskje frå Barrett. Barrett fortalte dei at dei kunne «spele kva dei ville», medan Smith insisterte at dei skulle planlegge meir.Chapman 2010, s. 191 Under desse innspelingane overdubba Barrett ein slidegitar på «Remember a Day», eit unytta spor frå innspelinga for The Piper at the Gates of Dawn.Palacios 2010, s. 286 Bandet tok ein pause frå albuminnspelinga for å spele inn det som vart den tredje singelen deira, «Apples and Oranges», den 26. og 27. oktober.Chapman 2010, s. 189 Eit par dagar seinare spelte bandet inn B-sida «Paint Box», før dei drog på ein amerikansk turné.

I november kom «Apples and Oranges» ut på singel, men selde for dårleg til å gå inn på singellistene.Manning 2006, s. 43 Bandet drog omsider attende til De Lane Lea og spelte inn «Vegetable Man». Ein gong kring jul vart David Gilmour, barndomsvenen til Barrett, beden om å bli med som andre sologitarist for å steppe inn for Barrett då oppførselen hans var for galen til at han kunne spele. Sidan Barrett fram til då hadde skrive, eller vore medlåtskrivar på, dei fleste av songane på debutalbumet, The Piper at the Gates of Dawn, i tillegg til dei tre singlane deira fram til då, var den første planen å halde han i gruppa som eit ikkje-turnerande medlem – på liknande vis som Brian Wilson gjorde i The Beach Boys på den tida – men dette betydde i røynda at Barrett og resten av gruppa vart fråskilde.Schaffner 2005, s. 265Schaffner 2005, s. 14 For to dagar frå 10. januar 1968 møtte Pink Floyd opp i EMI Studios, i eit forsøk på arbeide på eldre spor: Waters sin vokal og Wright sitt orgel vart lagt over «Set the Controls for the Heart of the Sun», medan Mason la til vokal på «Scream Thy Last Scream». Då han forlét Pink Floyd sa Barrett til Melody Maker: «Eg tenkjer det var verkeleg berre snakk om å ta saker og ting litt på strak arm».

Med David Gilmour Då Gilmour kom med i bandet spelte Pink Floyd ei kort stund som eit femmannsband, frå 12. til 20. januar. For eit par konsertar song og spelte Gilimour medan Barrett vandra rundt på scenen og stundom var med å spelte. Innimellom desse konsertane øvde gruppa den 15. og 16. januar på eit par songar Waters hadde skrive. Under den neste innspelinga, den 18. januar, fekk bandet med seg Smith og jamma på eit rytmespor. Denne jam-en danna seinare introen til «Let There Be More Light».Palacios 2010, s. 319 Barrett var ikkje med på denne innspelinga. Den 24. og 25. januar spelte bandet inn ein song, oppført som «The Most Boring Song I've Ever Heard Bar 2» i Abbey Road. Denne songen vart sidan «See-Saw».Povey 2006, s. 90 Bandet spelte inn «Let There Be More Light», «Corporal Clegg» (med solovokal av Nick Mason)Schaffner 2005, s. 132 og «See-Saw», alle utan Barrett, trass i at manageren Andrew King hevda at Barrett spelte slide-soloen på slutten av «Let There Be More Light». Dei andre bandmedlemmane vart leie av oppførselen til Barrett og den 26. januar 1968, då Waters køyrde på veg til ein konsert ved Southampton University, og plukka opp medlemmar langs vegen, sa ein person i bilen: «Skal me plukke opp Syd?» og ein annan svarte: «Nei, me gidd ikkje.» Barrett vart til slutt fjerna frå bandet seint i januar 1968, og det var opp til den nye inkarnasjonen av Pink Floyd å fullføre albumet. «Set the Controls for the Heart of the Sun» er den einaste songen der alle fem medlemmane deltar.1993 Guitar World-intervju med David Gilmour

Dei fire bandmedlemane sleit med å kome opp med nytt materiale for albumet, men i februar 1968 spelte dei inn Wright sin «It Would Be So Nice» og Waters sin «Julia Dream». Denne vart opphavleg kalla «Doreen's Dream». Tidleg i februar vart det annonsert at Waters-songen «Corporal Clegg» skulle bli den neste singelen deira, men etter press frå selskapet vart songen øyremerka for albumet,Manning 2006, s. 46–47 og «It Would Be So Nice» kom ut på singel den 12. april 1968, nesten ei veke etter at bandet annonserte at Barrett hadde slutta i bandet.Manning 2006, s. 47 B-sida til singelen var «Julia Dream». Gjennom april talde bandet opp kva songar dei hadde spelt inn til då. Waters nekta å gje ut to songar: «Vegetable Man», fordi han var «altfor dyster», og «Scream Thy Last Scream», på albumet, men dei tok med «Jugband Blues», og Waters-songen «Set the Controls for the Heart of the Sun» der Barrett var med. Dei mangla 12 minuttar for å fullføre albumet og bandet byrja å setje saman fleire stykke med musikk til det som vart tittelsporet på albumet, «A Saucerful of Secrets». Dette var første gongen David Gilmour vart oppført som låtskrivar. Namnet hans vart feilaktig stava «Gilmore», ein feil som kom til å stå på alle utgåvene før den ommastra versjonen av albumet kom ut i 1994. Mason og Waters planla sporet som om det var eit arkitektdesign, inkludert toppar og botnar. Produsenten Smith likte ikkje stykket og sa til dei at «de kan ikkje gjere dette, det er for langt. De må skrive tre minuttar lange songar.» Den 25. juni spelte bandet for BBC Radio-programmet Top Gear med to spor frå Saucerful: «Let There Be More Light» og ein kort utgåve av tittelsporet som her vart kalla «The Massed Gadgets of Hercules».Manning 2006, s. 48

Songar

Som på The Piper at the Gates of Dawn består albumet av space rock og psykedelisk rock. Men i motsetnad til Piper, som var dominert av Barrett sine songar, inneheld A Saucerful of Secrets berre ein original song av Barrett: «Jugband Blues». AllMusic skildra A Saucerful of Secrets: «Bandet byrja å kartleggje dei mørke og repeterande pulsane som kom til å prege dei neste par albuma deira.» Wright syng eller deler solovokal på fire av dei sju songane, og medverkar med vokal på den elleve og eit halvt minutt lange instrumentalen «A Saucerful of Secrets», som gjer dette til det einaste Pink Floyd-albumet der han syng meir enn resten av bandet.

Let There Be More Light

Utan at Barrett bidrog i nemneverdig i grad, var det opp til Waters og Wright å skrive gode nok songar. Opningssporet «Let There Be More Light» var skriven av Waters og held fram space rock-stilen som Barrett starta. «Let There Be More Light» utvikla seg frå eit bassriff som var ein del av «Interstellar Overdrive».

Remember a Day Songen er skriven av Richard Wright og spelt inn under innspelinga av debutalbumet deira i 1967. Den opphavlege tittelen var «Sunshine».

Nick Mason visste ikkje heilt kva han skulle gjere på songen, og produsenten Norman Smith måtte til slutt steppe inn for han. Syd Barrett spelar både akustisk gitar og slidegitar på denne songen. Songen var òg b-side til singelen «Let There Be More Light»

Både «Remember a Day» og «See-Saw» brukar ein barneliknande tilnærmingsmåtePalacios 2010, s. 285Reisch 2007, s. 272 som dei òg nytta på debutplata.Schaffner 2005, s. 132–133 Wright har seinare vore kritisk til sine eigne, tidlege bidrag til bandet.

Set the Controls for the Heart of the Sun

Songen, som er laga av Roger Waters med interessante trommeparti av Nick Mason, vart spelt mykje mellom 1967 og 1973, og ein konsertversjon av songen finst på Ummagumma (1969) og i filmen Pink Floyd: Live at Pompeii (1971). Begge desse versjonane er ein del lengre enn originalversjonen. Han vart først framført med Barrett i 1967.Palacios 2010, s. 271 Waters har seinare framført songen på konsertane sine frå 1984 og frametter.

Roger Waters har seinare vedgått at han «lånte» teksten til songen frå ei kinesisk diktsamling frå Tang-dynastiet, Poems of the late T’ang, slik Barrett hadde gjort på «Chapter 24».Palacios 2010, s. 265 Nokre av dei «lånte» linjene var skriven av Li He i diktet Ikkje gå ut av døra, som inneheld tekstlinja «witness the man who raged at the wall as he wrote his question to heaven». Andre tekstlinjer var «watch little by little the night turn around», «countless the twigs which tremble in dawn» og «one inch of love is an inch of ashes», som var skriven av Li Shangyin. Hovudriffet liknar på eit riff som Jimmy Garrison spelte i ein solo før songen «My Favorite Things» på John Coltrane-albumet Live at the Village Vanguard Again!, men dette er truleg berre tilfeldig. Riffet er spelt av Gilmour på gitar som er stemt ned så lågt at det nesten høyrest ut som ein bass. Riffet E E F E D E er i frygisk toneart, eit «indisk» lydbilete som var populært i mange popsongar på den tida.

Denne songen, i tillegg til andre Pink Floyd-songar, påverka Douglas Adams då han laga det oppdikta bandet «Disaster Area» i boka si Restaurant at the End of the Universe. Disaster Area er kjend for å vera det høgastspelande bandet i universet, og som Pink Floyd brukte dei mange visuelle effektar som sluttar med at eit romskip styrtar på den næraste sola.

Roger Waters har spelt songen på sine siste turnéar og videoen bak bandet viser stillbilete frå videoen til «Arnold Layne» og «The Scarecrow». Waters sin nye konsertversjon inneheld ein saksofonsolo.

Corporal Clegg