Lange (Molva molva) er ein fisk i torskefamilien med særleg langstrekt kropp, noko som er opphavet til namnet. Langa kan vera opptil 1,8 m og 40 kg. Ho lever hovudsakleg på 100-400 meters djupne som vaksen, men yngre fisk finst på grunnare djupner.
Utbreiing Langa lever i temperert klima i Nord-Atlanteren, Nordsjøen og Middelhavet og er vanleg ved Newfoundland, Island, Dei britiske øyane og langs heile norskekysten. Dei viktigaste gyteområda er i Bizkaia og nordvest for Dei britiske øyane.
Levevis Langa lever i små stimar eller åleine. Hovudføda er andre fiskar som torsk, makrell, uer, sild og flyndre. Ho tek også krepsdyr og blekksprut.
Fisken blir kjønnsmogen i 6-8-årsalderen, hannfisken tidlegare enn hoa. Gytinga føregår i april-juni på 100-300 meters djupne. Hofisken gyt opptil 60 millionar egg som blir klekte etter 10 dagar.
Bruk Lange er ein god matfisk med eit fast, kvitt kjøt som kan minna om torsk. Ho blir seld fersk, frosen, tørka eller salta. Han kan tilreiast gjennom damping, baking, koking eller steiking. Fisken kan brukast til å laga lutefisk. I Spania er salta langerogn kjend som delikatessen huevas de maruca.
Fotnotar
Kjelder Molva molva i FishBase Denne artikkelen bygger på «Lange» frå , den 24. mai 2011. Denne artikkelen bygger på «Common ling» frå , den 24. mai 2011. oppgav desse kjeldene: Molva molva i Integrated Taxonomic Information System Molva molva i FishBase Davidson, Alan. Oxford Companion to Food (1999), "Ling". s. 454 ISBN 0-19-211579-0 Marine Fauna Gallery of Norway
Bakgrunnsstoff
Galleri ved seawater.no
Kategori:Torskefisk Kategori:Matfisk Kategori:Fisk i Nordsjøen