Benešov okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sentral-Böhmen i Tsjekkia. Det ligg i den sørlege delen av regionen og grenser i sør mot Sør-Böhmen og i søraust mot Vysočina.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Benešov okres:
Benešov SO Vlašim SO Votice SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Benešov SO 52 647 57 655 62 325 Vlašim SO 26 008 25 482 25 563 Votice SO 11 970 12 322 12 459 Benešov okres 90 625 95 459 100 347
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Benešov 16 369 Vlašim 11 284 Týnec nad Sázavou 5 737 Bystřice 4 528 Votice 4 371 Sázava 3 719 Neveklov 2 703 Pyšely 2 296 Trhový Štěpánov 1 344 Miličín 856
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Distrikt i Tsjekkia Benesov