Kladno okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sentral-Böhmen i Tsjekkia. Det ligg nordvest i regionen og grenser i nord mot Ústí nad Labem kraj.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Kladno okres:

Kladno SO Slaný SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Kladno SO 114 640 120 058 126 069 Slaný SO 36 720 38 741 40 702 Kladno okres 151 360 158 799 166 771

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Kladno 67 756 Slaný 15 945 Stochov 5 279 Unhošť 5 161 Buštěhrad 3 859 Libušín 3 137 Velvary 3 014 Smečno 1 936

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Distrikt i Tsjekkia Kladno