mini|Denne manuskriptsida (folio 292r) frå Kellsboka inneheld ein rikt dekorert tekst som opnar Johannes-evangeliet. mini|Portrett av kong David som victor, sigerherre, i manuskriptet Durham Cassiodorus, truleg frå Northumbria tidleg på 700-talet.Nordenfalk, ss. 29, 86-87 Insulær kunst, tidvis òg kjend som hiberno-saksisk kunst, er kunst og kunsthandverk som blei laga på Dei britiske øyane, særleg Irland, i tidleg mellomalder. Omgrepet er avleidd frå det latinsk ordet insula, ‘øy’. I denne perioden hadde Irland og dei andre britiske øyane, hovudsakleg område i dagens England og Skottland, eit felles stilistisk kunstuttrykk som skilde seg frå resten av Europa. Kunsthistorikarar grupperer insulær kunst som ein del av kunsten i den europeiske folkevandringstida, i lag med tidleg vestleg mellomalderkunst. Det er kombinasjonen av desse to tradisjonane som har gjeve stilen den særeigne karakteren sin.Honour & Fleming, ss. 244-247; Pächt, ss. 65-66; Walies & Zoll, ss. 27-30
Det meste av insulær kunst har opphav frå irske kloster knytte til keltisk kristendom, eller metallarbeid for den verdslege eliten. Perioden byrja ein gong rundt år 600 i kombinasjonen av såkalla keltiske (eller irske) stilar og angelsaksiske (eller engelske) stilar.Det er ingen insulære manuskripter som er blitt datert til tiden før år 600, men en del smykker, hovedsakelig irske, er datert til 500-tallet, se Youngs, ss. 20-22. Tidlig historie for angelsaksisk metallarbeider er dominert av funn fra tidlig 600-tallet ved Sutton Hoo, men det er åpenbart at disse var produktet av veletablert tradisjon hvor kun mindre stykker har overlevd til ettertiden, se Wilson, ss. 16-27. De tidligste piktiske steinmonumentene i Skottland synes imidlertid å vær datert til 400-tallet, se Laing, ss. 55-56. Høgdepunktet til stilen ebba ut med forstyrringa av klostera og det aristokratiske livet ved angrep frå norrøne vikingar som byrja mot slutten av 700-talet. Desse verker særleg å ha forstyrra arbeidet med Kellsboka, og det finst ingen seinare evangeliebøker som var prega av tilsvarande tal illuminasjonar eller av tilsvarande kunstnerisk kvalitet som Kellsboka.Dodwell (1993), ss. 85, 90; Wilson, ss. 141 I England blei stilen blanda inn og oppteken i angelsaksisk kunst ein gong rundt 900, medan i Irland heldt stilen fram til 1100-talet, då han blei blanda inn med og teken opp i romansk kunst. Interessant nok skjedde det i tida 900-1100 ein del gjensidig utveksling mellom norrøn og irsk/nordengelsk kunsthandverk i form av abstrakte mønster.Irske eller norrøn-irske metallarbeidere etterlignet eller videreførte den norske urnesstilen og ringeriksstilen. Tilsvarende trekk er også funnet i Northumbria, se tidsskriftet Spor nr 1, 1994 (PDF) Irland, Skottland og kongedømet Northumbria i nordlege England er dei mest tydande sentera, men det blei tilsynelatande òg produsert døme i sørlege England, WalesDen sene Ricemarch-psalteret (bønnebok) er antagelig av walisisk opprinnelse, og den langt eldre Hereford-evangeliene er også muligens walisisk, se Grove Art Online, S2. Deer-boken, det tidligste manuskript med skotsk-gælisk tekst, er et insulært produkt fra østlige Skottland, se igjen Grove Art Online. og på det europeiske fastlandet, særleg i Gallia (i dagens Frankrike), i sentera grunnlagde av irsk-skotske og angelsaksiske misjonærar. Innverknaden frå insulær kunst påverka all påfølgjande europeisk mellomalderkunst, særleg i dei dekorative elementa i romanske og gotiske manuskript og bokkunst.
Bevarte døme på insulær kunst er hovudsakleg illuminerte manuskript, metallarbeid (som smykke, hjelmar, våpen og liknande) og steinutskjeringar (steinmonument og høgkrossar). Overflatene er omfattande dekorerte med detaljerte, intrikate og utspekulerte mønster utan noko forsøk på å gje inntrykk av rom eller djupne. Dei beste døma er Kellsboka, som er høgdepunktet for kunstforma og i dag blir rekna som ein irsk nasjonalskatt, men òg Lindisfarne-evangelia, Durrow-boka, brosjer som Tara-brosjen, og steinkrossar som den angelsaksiske Ruthwell-krossen. I manuskript kunne ei heil side vera dekka av utelukkande abstrakte mønster utan medfølgjande tekst, teppesider, og er eit karakteristisk trekk ved insulære manuskript, men tekst smykka med figurer (også ei insulær oppfinning), Eusebius av Cæsarea sine kanonske tabellar og figurative miniatyrar, særleg portrett av og symbol for evangelistane, var òg vanlege. mini|Folio 309r i Kellsboka inneheld tekst frå Johannes-evangeliet skrive i insulær majuskel av skrivaren kjend som Hand B.
Insulært metallarbeid venstre|mini|Monymusk-relikvieskrinet, gjort ein gong rundt år 750. mini|Derrynaflan-paten, 700- eller 800-talet. Då kristendomen kom inn som ny religion blei den gamle skikken med å legga gåver og anna gravgods med dei gravlagde forboden. I det minste frå angelsaksarane finst det langt færre arkeologiske funn frå den kristne tida enn tilfellet er for det store talet heidensk, førkristen gravgods.Dodwell (1982), s. 4 Dei fleste gjenstandane som er bevarte frå den kristne perioden er blitt funne i ein arkeologisk samanheng som tyder at dei er blitt skjulte i alt hast, gått tapt eller blitt forlatne. Det er nokre få unntak, mest kjend er fraktbare eller berbare heilagdommar cumdach) for bøker eller relikviar, fleire har vorte eigde uavbrote i alle år, hovudsakleg av kyrkjer på fastlandet, men Monymusk-relikvieskrinet har alltid vore i Skottland.Youngs, ss. 134-140, katalogiserer to eksempler fra Italia og ett i Norge. Se også Laing, som beskriver betydelige stykker fra perioden og området ved ulike punkter. Generelt er det openbart at for dei fleste objekta som har overlevd har det skjedd ved tilfelle, og det er berre bevard fragment av ein del typar, særleg dei største og minst fraktbare. Det som er av høgast verdi er anten smykke for adelen, dei største og mest forseggjorte gjenstandane var truleg laga for menn, servise og bestikk, eller gjenstandar for kyrkjelater som tilsynelatande var gjort i ein svært lik stil. For ein del av desse gjenstandane kan det ikkje skiljast mellom dei som var laga for altaret til kyrkja eller for det kongelege middagsbordet. Det verke mulig, faktisk òg sannsynleg, at dei finaste kyrkjestykkene blei laga av verkstadar utanfor kyrkja, ofte tilknytte kongelege hushald, men det blei òg laga praktstykke i verkstadar knytte til klostera.Youngs, ss. 15-16, 125 Det er bevis som tyder på at irske metallarbeidarar og smedar laga mange av dei beste stykka,Youngs, ss. 53 men funna frå den kongelege grava ved Sutton Hoo, lengst aust i England, og frå byrjinga av perioden, er blant noko av dei vakraste i design og utfjer noko av den fremste handverksmessige dugleiken.Wilson, ss. 16-25 Desse overgår mykje av det som bleo produsert på Irland. høgre|mini|Ardagh-kalken frå kring 750-talet. Det finsr ei rekkje store brosjar, inkludert fleire av tilsvarande kvalitet som Tara-brosjen. Bortimot alle desse er oppbevarte i det irske nasjonalmuseet, British Museum, nasjonalmusea i Skottland, eller i ulike lokale museum på Dei britiske øyane. Kvar av formgjevingane er i heilskap individuelle i detaljane, og den handverksmessige dugleiken er variert i teknikk og kvalitet. Mange element i formgjevinga kan bli direkte knytte til element som er nytta i manuskript. Bortimot alle dei mange teknikkane kjende innanfor metallarbeid kan finnast i insulære arbeid. Bevarte steinar nytta i dekorasjonen er halvedle, med rav og kvarts blant dei vanlegaste, i tillegg er òg granat brukt ein god del. Farga glas, emalje og millefiori, truleg importert, blei òg brukt.Youngs, ss. 72-115, og 170-174 om teknikker; Ryan, Michael i Oxford Art Online, S2; Wilson, ss. 113-114, 120-130 venstre|mini|388x388pk|Detalj frå Congkrossen. Ardagh-kalken og Derrynaflan-kalken, paten (oblattallerken for nattverden) med stativ, sil og fat (fyrst oppdaga i 1980), er dei mest framståande metallarbeida knytte til kyrkja som er bevarte for ettertida. Det finst berre tre andre kalkar, og ingen andre patenar, som har overlevd. Desse stykka er antake datert til 700- eller 800-talet, men datering av metallarbeid er vanskeleg, og er hovudsakleg basert på samanlikningar med manuskript. Det finst berre att fragment av det som truleg var store stykke i kyrkjeinventaret, truleg verk i tre med metalllarbeid som ein del av verket, slik som heilagdommar, relikvieskrin, kross og andre gjenstandar.Youngs, ss. 125-130, og med katalog, inkludert Derrynaflan-forrådet. Congkrossen er ein irsk prosessjonskross og relikvie frå 1100-talet som viser insulær dekorasjon, moglegvis lagt til i ei bevisst nostalgisk ånd.Rigby, ss. 562 Den bronseforgylta Korsfestelseplaketten frå Athlone, som kanskje er frå 700-talet, er det best kjende av ein gruppe på ni nedteikna irske metallplaketter med krossfestingar, og er stilistisk samanliknbare med figurane på mange av høgkrossane. Han kan ha hatt opphavet sitt frå eit bokomslag.Johnson, Ruth: (1998): «Irish Crucifixion Plaques: Viking Age or Romanesque?» i: The Journal of the Royal Society of Antiquaries of Ireland, Vol. 128, (1998), ss. 95-106. JSTOR. Bilde av gjenstanden. I dag er han teken vare på ved det irske nasjonalmuseet. mini|Tidleg angelsaksisk skulderklips frå Sutton Hoo, tidleg på 600-talet. Gull, granat og millefiorglas. Inventaret til ei stor klosterkyrkje i denne perioden er vanskeleg å sjå for seg. Det verker klart at dei fleste av dei svært dekorerte manuskripta blei stilte ut og behandla som vakker dekor som smykka kyrkja framfor å vera ordinære bøker som berre blei lesne. Den vakraste og mest storslåtte av dei alle, Kellsboka, hadde fleire tekstfeil som ikkje var blitt korrigerte, og då ho blei stolen i 1006 på grunn av det verdifulle smykkebelagde metallomslaget sitt, blei ho teken frå sakristiet, ikkje biblioteket. Boka kom til rette igjen, men utan omslaget, noko som også blei lagnaden til Lindisfarne-evangelia. Ingen av dei viktigaste insulære manuskripta har fått dei kostbare omslaga sine i metall og pynta med kostbare steinar bevart for ettertida, men det er kjent frå dokumentariske bevis at desse var like storslåtte som dei få eksemplara som er bevarte på det europeiske fastlandet.Calkins, ss. 57-60. Dimma-boken, en evangeliebok i lommeformat fra 700-tallet, har et vakkert omslag fra 1100-tallet. Det gjenbrukte omslaget for baksida av evangelia frå det tyske klosteret i Lindau, som i dag er oppbevart i Morganbiblioteket i New York,Jeweled upper cover of the Lindau Gospels, ca. 880 blei utført i sørlege Tyskland ein gong rundt 880, sterkt påverka av insulær kunst, og er kanskje den beste indikasjonen på korleis dei opphavlege omslaga på insulære manuskript faktisk såg ut. Det er også bevart eit stykke i gull og granat frå eit forråd i Staffordshire som blei funne i 2009, og som kan vera eit hjørne av eit bokomslag. Formgjevinga til evangelieboka frå Lindau er dominert av ein kross, men heile overflatene er dekorerte med panel mellom krossarmane i flettverksmønster. Cloisonné-emaljen viser italiensk innverknad, og noko tilsvarande er ikkje avdekt på Dei britiske øyane, men det generelle inntrykket minner svært mykje om ei teppeside som er typisk for eit insulær manuskript frå denne perioden.Lasko, ss. 8-9, og plate 2; omslaget til Lindau-evangeliene , fra Morganbiblioteket
Insulære manuskript mini|Sankt Columbas Cathach, 600-talet. Sjølv om det ert bevar langt fleire insulære manuskript enn metallarbeid er utviklinga av stilen vanlegvis skildra i omgrep knytte til dei same framstående eksemplara: