«Bring the Boys Back Home» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters for albumet deira The Wall i 1979. Songen kom òg som b-side til singelen «When the Tigers Broke Free».

Tekst og komposisjon «Bring the Boys Back Home» handlar om den unge Pink som leitar etter far sin når alle kjem heim frå krigen, men Pink finn han ikkje. Folk rundt han er glade og sorglause og syng «Bring the boys back home!».

Songen er kraftfull med fullt orkester og stort operakor. Mot slutten av songen kan ein høyre telefonen frå «Young Lust», og læraren frå «Another Brick in the Wall». I tillegg kan ein høyre den kvinnelege tilhengjaren i byrjinga av «One of My Turns», og til slutt ei vokallinje frå «Is There Anybody Out There?». Ein kan samstundes med alt dette høyre ei stemme, truleg manageren til Pink, som roper «time to go!» (for å spele ein konsert) og lyden av manisk latter.

I følgje Roger Waters inneheld songen hovudtemaet til albumet, nemleg fellesskap. På dette stadiet i historia skjønar Pink at berre samhald kan redde verda, og til slutt han sjølv. Sjølv om han no veit korleis han skal løyse problemet sitt, klarar han ikkje å setje i gang, og bukkar under for sin stadig verre psykiske helse og kollapsar på hotellrommet.

På albumet er det Waters som syng teksten, medan det i filmen er eit stort kor. Songen er òg lengre i filmversjonen enn på albumet.

Medverkande Roger Waters – vokalFitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978-–1981, 2006, s. 97. David Gilmour – vokal på reprisen av «Is There Anybody Out There?» med:

Joe Porcaro – skarptrommeFitch og Mahon, s. 97 35 trommeslagarar frå New York, inkludert Bleu Ocean – skarptrommer New York Opera – kor New York Orchestra – strykarar

Kjelder Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3. utg.), 2005. ISBN 1-894959-24-8

Kategori:Antikrigssongar Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Bob Ezrin Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters