Plzeň-sever okres eller Nord-Plzeň er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Plzeň kraj i Tsjekkia. Det ligg nord i regionen og omkrinsar den nordlege delen av Plzeň med grenser i nordvest mot Karlovy Vary kraj, i nordaust mot Sentral-Böhmen og ei kort grense i nord mot Ústí nad Labem kraj.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Plzeň-sever okres:

Kralovice SO Nýřany SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Kralovice SO 21 941 21 911 21 817 Nýřany SO 47 074 53 029 58 100 Plzeň-sever okres 69 015 74 940 79 917

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Nýřany 6 641 Třemošná 5 098 Horní Bříza 4 105 Kralovice 3 380 Kaznějov 2 934 Plasy 2 690 Město Touškov 2 138 Všeruby 1 615 Kožlany 1 461 Manětín 1 106 Úterý 451

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Plzen-sever Plzen-sever