In the Flesh er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters for albumet The Wall i 1979.

Komposisjon Songen er forholdsvis høglydt, og introduksjonspartiet inneheld dei same eksplosive orgelsekvensane ein kan høyre i byrjinga av In the Flesh?. Songen går så over i eit rolegare parti med «engleliknande» korsong før tekstpartiet byrjar. Slutten av songen inneheld ein annan høglydt orgelsekvens og songen forsvinn gradvis ut til ropa «Hammer! Hammer! Hammer!».

Handling Som dei andre songane på The Wall fortel «In the Flesh» ein del av historia til hovudrolla Pink. Songen markerer den første av ei rekkje songar der Pink i neddopa tilstand ser på seg sjølv som ein slags diktator. I denne songen hallusinerer han at konserten hans er eit politisk oppmøte, og songen er ein satirisk måte å vise korleis tilhengjarar av pop- og rockestjerner forgudar sine heltar.

Denne songen og dei to som følgjer etter, «Run Like Hell» og «Waiting for the Worms», kan òg samanliknast med maktframgangen til Adolf Hitler. «In the Flesh» er kampropet hans om at alle må følgje han. «Run Like Hell» er eit forsøk på å byrje og utslette alle han hatar, og «Waiting for the Worms» er galskapen hans på det verste. Mot slutten tving han folket til å frykte han i staden for å følgje han. I filmen vert dette vist ved at folk lukker gardinene når han går forbi i gata.

Kontrovers Enkelte delar av teksten kan virke provoserande for enkelte folkegrupper, inkludert homoseksuelle, jødar og mørkhuda. Tatt ut av samanhengen kan songen virke rasistisk. Songen er derimot satirisk og hånar ikkje berre dei lojale tilhengjarane av musikarar, men òg fordommane mot forskjellige folkegrupper. Det ville til dømes vore latterleg å forfølgje folk med mykje kviser.

Sosiale effektar Den fascistiske organisasjonen til Pink har i filmutgåva av albumet symbol forma som to hamrar i kryss. Dette inspirerte ei amerikansk, rasistisk og kvit ekstremistgruppe, som tok namnet Hammerskins, og brukte symbol frå filmen som sine eigne.

Medverkande David Gilmour – ARP Quadra, gitar Nick Mason – trommerFitch, Vernon and Mahon, Richard, s. 143. Roger Waters – solovokal, bass, EMS VCS 3

med:

James Guthrie – ARP Quadra Fred Mandel – orgel Bob Ezrin – Prophet-5 synthesiser Bruce Johnston – korvokal Toni Tennille – korvokal Joe Chemay – korvokal Stan Farber – korvokal Jim Haas – korvokal John Joyce – korvokal

Personell per Fitch og Mahon.Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, s. 104.

Kjelder Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3. utg.), 2005. ISBN 1-894959-24-8

Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Songar om narkotika Kategori:Songar om rasisme eller framandhat Kategori:Britiske hardrocksongar Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Bob Ezrin Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters