Osten Serra da Estrela (Queijo Serra da Estrela) er ein ost laga i fjellregionen Serra da Estrela i Portugal. «Queijo Serra da Estrela» er eit verna opphavsmerke (PDO) i EU og Storbritannia.

Regionen der Serra da Estrela-ost kan lagast er avgrensa til eit område på 3 143 km², som omfattar kommunane Celorico da Beira, Fornos de Algodres, Gouveia, Mangualde, Manteigas, Nelas, Oliveira do Hospital, Penalva do Castelo, Carregal do Sal og Seia.

Framstilling Produksjonen av osten følgjer strenge reglar. Han blir laga av sauemjølk, for det meste i tida frå november til mars. Mogningsperioden har særskilte reglar og må vara i minst 30 dagar. Teksturen til pastaen varierer med alderen, frå ei svært mjuk halvvæske når han er ung, til ei mjuk men skjerbar fast form når han er eldre. Han er ein hard ost som er skapt av handverksprodusentar med ein kvit eller litt gul farge og ein einskapleg, kremete konsistens med maks nokre små hol i seg. Dei særskilde eigenskapane til osten kjem frå den sakte dreneringa av ysta rå sauemjølk som er koagulert ved bruk av lokal kardon (Cynara cadunculus) i staden for løype.

Osteb blir forma til eit litt uregelmessig hjul med noko utbuktande sider og overflater. Han har typisk ei mjuk, velforma skorpe som er glatt og tynn med ein einskapleg halmgul farge og er tradisjonelt innbunden i tøy.

Ark of Taste I 2014 blei Serra da Estrela-osten teken med i den internasjonale katalogen av utryddingstruga mattradisjonar, Ark of Taste, som blir driven av den globale rørsla Slow Food.Queijo Serra da Estrela in the "Ark of Taste", Fondazione Slow Food per la Biodiversità. Retrieved 26 March 2014

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Serra da Estrela cheese» frå , den 14. september 2026.

Kategori:Portugisisk mat Kategori:Ost