Ein bergnebb, ei bergnebbe eller ei stinte (Ctenolabrus rupestris) er den minste lippefisken i norske farvatn. Han er vanleg frå vestkysten av Sverige langs norskekysten nordover til Nord-Trøndelag, og sørover til Marokko. Bergnebben er oransje og har ein karakteristisk prikk ved halerota. Normal storleik er 10-12 cm, men individ opp til 18 cm er observert.

Bergnebb vert brukt til å fjerna lus av laks i oppdrettsanlegg. For at dei skal vera til dette føremålet, må munnen vera uskadd, og dei må difor fangast med teiner e.l., ikkje med krok.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Leppefisk