Ústí nad Orlicí okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Pardubice kraj i Tsjekkia. Det ligg nordaust i regionen og grenser i aust mot Olomouc kraj, i nordvest mot Hradec Králové kraj og i nord mot Polen.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Ústí nad Orlicí okres:
Česká Třebová SO Králíky SO Lanškroun SO Ústí nad Orlicí SO Vysoké Mýto SO Žamberk SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Česká Třebová SO 19 446 18 208 17 363 Králíky SO 9 500 8 712 8 114 Lanškroun SO 21 750 22 727 22 248 Ústí nad Orlicí SO 26 793 26 207 25 568 Vysoké Mýto SO 32 016 32 034 31 731 Žamberk SO 28 742 28 872 28 324 Ústí nad Orlicí okres 138 247 136 760 133 348
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Česká Třebová 14 866 Ústí nad Orlicí 13 958 Vysoké Mýto 12 069 Lanškroun 9 470 Choceň 8 422 Letohrad 6 170 Žamberk 5 788 Králíky 3 876 Jablonné nad Orlicí 2 905 Brandýs nad Orlicí 1 277
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Usti Usti