Žďár nad Sázavou okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Vysočina kraj i Tsjekkia. Det ligg aust i regionen og grenser i nord mot Pardubice kraj, i aust mot Sør-Mähren.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Žďár nad Sázavou okres:

Bystřice nad Pernštejnem SO Nové Město na Moravě SO Velké Meziříčí SO Žďár nad Sázavou SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Bystřice nad Pernštejnem SO 21 148 19 866 18 866 Nové Město na Moravě SO 19 478 19 004 18 550 Velké Meziříčí SO 34 976 35 312 35 934 Žďár nad Sázavou SO 44 025 43 037 41 298 Žďár nad Sázavou okres 119 627 117 219 114 648

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Žďár nad Sázavou 20 124 Velké Meziříčí 11 409 Nové Město na Moravě 9 488 Bystřice nad Pernštejnem 7 492 Velká Bíteš 5 140 Svratka 1 329

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Zdar Zdar