Jean-Noël Augert () er ein fransk tidlegare alpin skirennar frå Saint-Jean-de-Maurienne. Han vart i 1970 verdsmeister i slalåm under VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina. I 1969 vart han andremann i verdscupen i alpine greiner, medan han i sesongane 1971 og 1972 sigra i slalåm-greina av verdscupen.

Augert vann 15 enkeltrenn i den alpine verdscupen. Etter å vunne to storslalåmrenn i januar-februar 1969, triumferte han i 13 slalåmrenn i verdscupen fram til 23. mars 1973.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jean-Noël Augert» frå , den 10. oktober 2026.

Kategori:Franske alpinistar