Régine Cavagnoud () var ein fransk alpin skirennar frå Thônes i Haute-Savoie. Ho vart verdsmeister 2001 i super-g-øvinga.
I tida frå januar 1999 til januar 2001 sigra Cavagnoud i åtte enkeltrenn i verdscupen i alpine greiner, fordelt på fire i super-g, tre i utfor og eitt i storslalåm. 2001-sesongen viste ho seg å vere den beste utøvaren i super-g-løyper, etter å ha vunne gullmedaljen i øvinga under verdsmeisterskapen i St. Anton sikra ho seg fyrstepremien i greina av verdscupen. Sesongane 2000 og 2001 enda ho på tredjeplass samanlagt i den alpine verdscupen.
Perioden 1992 til 2001 deltok Cavagnoud i tre olympiske vinterleikar og fem verdsmeisterskap i alpine greiner. Omframt triumfen i VM 2001, var ein sjuandeplass i utfor ved Vinter-OL 1998 i Nagano hennar fremste prestasjon.
Under trening på Pitztal-breen kolliderte ho 27. oktober 2001 i stor fart mot ein trenar i løypa og vart dødeleg såra. To dagar seinare anda ho ut på sjukehus i Innsbruck.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Régine Cavagnoud» frå , den 11. oktober 2026.
Kategori:Franske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner