Mjølamazon (Amazona farinosa) er ein stor hovudsakleg grøn amazonpapegøye. Dette er ein papegøye som lever i tropiske låglandsskogar i Mellom- og Sør-Amerika.

Skildring

Mjølamazonen har ei total lengd på omtrent 38–43 cm og veg 535–766 gram. Han er blant dei største papegøyane med naturleg utbreiing den neotropiske regionen; han blir overgått i hovudsak berre av dei store araene og av keisaramazon på Dominica.

Mjølamazonen er hovudsakleg grøn. Ryggen og nakken har ofte eit kvitt fargeskjer – nesten som om fuglen var dekt av eit tynt lag med mjøl, slik som artsnamnet mjølamazon ymtar om. Han har ein forholdsvis kort og kvadratisk stjert, til liks med dei andre artane i slekta Amazona. Den ytste halvleiken av stjerten er lysare og meir gulaktig enn den inste halvdelen, noko som gjev han ein tydeleg tofarga utsjånad. I flukt viser den ein blåsvart bakkant på vengene og eit iaugefallande raudt vengspegel på armsvingfjørene. Av og til kan ein sjå enkelte gule fjør på toppen av hovudet. Dei to nordlege underartane i Mellom-Amerika har blågrøn til blå krone.

I Sør-Amerika blir han ofte forveksla med gulkroneamazon (Amazona ochrocephala), men han kan skiljast frå denne ved den større storleiken sin, mindre gult på issen (sjølv om enkelte gulkroneamazoner kan mangle gult nesten fullstendig), det kvite fargeskjeret i den grøne fjørdrakta, ein breiare kvit ring rundt auget, og dessutan raude fjører på vengkanten nær ytterdelen av vengen.

Utbreiing og habitat Mjølamazonen førekjem i tropiske delar av Mellom- og Sør-Amerika. Han held til i fuktige til halv-fuktige låglandsskogar og plantasjar med høgvaksne tre, men finst berre sjeldan i lauvskog. Dei er nokre gongar funne i område med Mauritia-palmar. I område dominert av opne eller tørre landskap er han avgrensa til elvenære skogsbelte (galleriskog), eller han kan mangle heilt.

Åtferd mini|venstre|Mjølamazonar på leir-slikk Mjølamazonen er sosial og opptrer i par eller i flokkar, opptil 100 fuglar kan samlast på kvileplassar. Det er også kjent at dei kan samhandle med andre papegøyeartar, som til dømes araer. Dei er vanlegvis rolege, men kan vere støyande ved soloppgang og solnedgang.

Når dei når kjønnsmoden alder, dannar dei vanlegvis monogame parforhold. Kvart år byrjar kurtisen som regel tidleg på våren, og hoa legg vanlegvis tre kvite egg i eit reir i eit holrom i eit tre. Hoa rugar på eggane i omtrent 26-28 dagar. I rugetida gulpar hannen opp mat til hoa, og seinare gjer han det same for ungane i reiret. Ungane forlèt reiret omtrent 60 dagar etter klekking.

Kosthaldet består hovudsakleg av frukt, frø, bær, nøtter, blomstrar og bladknoppar. Arten blir observert ved stader der fuglar samlast for å ete leire, på såkalla «leiresleikjestader», og ofte saman med andre papegøyar.

Status og bevaring

Arten er ganske vanleg i størstedelen av utbreiingsområdet, men bestanden har gått tilbake lokalt på grunn av tap av leveområde etter avskoging og fangst for handel med ville papegøyar. Handel med desse fuglane som eksotiske kjæledyr er ulovleg i mange land. I enkelte område blir dei også jakta på som matkjelde. Av og til forsyner dei seg av jordbruksavlingar, spesielt mais, og blir derfor halde for å vere skadedyr i landbruket.

Kjelder

Denne artikkelen er ei omsetjing av delar av artikkelen «Mealy amazon» frå , den 27. oktober 2026

Bakgrunnsstoff

Kategori:Parakittar Kategori:Fuglar i Mellom-Amerika Kategori:Fuglar i regnskogen i Amazonas Kategori:Fuglar i Brasil Kategori:Fuglar i Colombia Kategori:Fuglar i guyanaregionen Kategori:Fuglar i Bolivia Kategori:Fuglar i Ecuador Kategori:Fuglar i Peru Kategori:Fuglar i Venezuela