Guaporé (portugisisk: Rio Guaporé; spansk: Río Iténez) er ei elv i søraustlege Amazonasbekkenet og renn både i det vestlege Brasil og det nordaustlege Bolivia. Elva er 1260 km lang, og ein 920 km lang del av løpet dannar riksgrense mellom Brasil og Bolivia. Guaporé er sideelv til Mamoré, og høyrer dermed til Madeira-vassdraget. Madeira munnar ut i Amazonaselva.

Skildring Guaporé har utspring på Parecisplatået i Brasil, i vasskiljet mellom Amazonasbekkenet og Río de la Plata-bassenget. Elva renn frå aust mot nordvest gjennom den austlege delen av Beni-savannen. Ho dannar grensa for Guaporé biologiske reservat i Brasil, som dekkjer 615 771 hektar, og får tilført vatn frå elvane São Miguel, Branco, São Simão, Massaco og Colorado, som har utspring i reservatet. Nær den brasilianske byen Supresa renn Guaporé ut i Mamoré, og Mamoré held fram som grenseelv vidare ca. 260 km i nordleg retning.

Fiskeri Det er registrert om lag 260 fiskeartar i Guaporé-vassdraget, og rundt 25 av dei er endemiske. Sjølv om mange av fiskeartane i elva i hovudsak høyrer til Amazonas-faunaen, har fiskefaunaen i Guaporé òg samband med faunaen i elva Paraguay, som høyrer til Río de la Plata-bassenget. Guaporé og Paraguay renn i kvar si retning, men begge har utspring på Parecisplatået i Brasil.

Mellom fiskeartane som finst i både Guaporé og Paraguay kan nemnast svart fantomtetra (Hyphessobrycon megalopterus), som er viktig i akvariehandelen, og gyllen dorado (Salminus brasiliensis), som er ein viktig art i fiskeria.

Kjelder

Denne artikkelen er ei omsetjing av delar av artikkelen «Guaporé River» frå , den 28. oktober 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvar i Bolivia Kategori:Elvar i Brasil Kategori:Sideelvar til Amazonaselva