The Smiths var ei engelsk rockegruppe som var aktiv frå 1982 til 1987. Gruppa baserte seg på låtskrivarduoen Morrissey og Johnny Marr, og skreiv plateavtale med det uavhengige plateselskapet Rough Trade Records. Mange reknar The Smiths som det viktigaste alternativrock-bandet som oppstod på den britiske indie-scena på 1980-talet, og gruppa har hatt stor påverknadskraft på seinare alternativ musikk; døme er Britpop-rørsla og grupper som The Stone Roses, Gene, Radiohead, Blur, Suede, Oasis, The Libertines og Doves. I byrjinga var gruppa særleg kjend for to ting: Dei uvanlege, morosame og kontroversielle låttekstane til Morrissey, og Marrs melodiar, som hjelpte gitarbasert musikk å koma på føtene att etter at han hadde vore upopulær på hitlistene i Storbritannia lenge. Gruppa sleppte i alt fire studioplater og og fleire samleplater på mindre enn fem år, så vel som mange singlar.
Sjølv om gruppa ikkje naut kommersiell suksess utanfor Storbritannia medan dei framleis spela i lag, vann The Smiths ein veksande tilhøyrarskare både i heimlandet og ute mot slutten av førre hundreår, og i dag er dei framleis kultheltar og kommersielle favorittar.
Soge
Gruppa vart grunnlagd tidleg i 1982 av to Manchester-borgarar. Morrissey (Steven Patrick Morrissey, sjølv om han ikkje nyttar førenamna sine) var ein arbeidslaus skribent som var storfan av New York Dolls og leidde pønkbandet The Nosebleeds i ein kort periode. Johnny Marr (opphavleg Johnny Maher, han bytte namn for å unngå forvirring med trommeslagaren i Buzzcocks) var allereie ein veldig gåverik gitarist med eit låtskrivartalent, og han skreiv melodiane til Morrisseys tekstar gjennom heile tida gruppa spela i lag. Mike Joyce vart teken opp som trommeslagar etter ei kort prøvespeling. Dale Hibbert spela bassgittar i byrjinga, og sytte for demo-innspelingsutstyr ved studioet han arbeidde ved som ljodingeniør. Likevel vart han bytt ut med Marrs ven Andy Rourke etter to konsertar. Marr og Rourke hadde arbeidd i lag tidlegare i The Paris Valentinos saman med Kevin Kennedy, som seinare vart eit kjent namn i Storbritannia som Curly Watts i fjernsynsserien Coronation Street.
Namnet The Smiths Det nøyaktige opphavet til namnet på gruppa er ukjent, sjølv om dei påstod at det var ein reaksjon mot namn dei rekna som overdrivne og pompøse, slik som til dømes Orchestral Manoeuvres in the Dark. Ein annan teori om bandnamnet er at det var ein slags ironisk vits at bandet hadde eit så sær-engelsk namn når alle medlemene var av irsk avstamming. Litt motstridande er det at Morrissey sa dette: «Eg avgjorde [at me skulle kalla oss ”The Smiths”] fordi det var slik eit vanleg namn, og eg tykkjer det er på tide at dei vanlege folka i verda byrjar å visa seg.» Gruppa vurderte òg namn som «Smiths Family» og «Smithdom» før dei slo seg til ro med «The Smiths».
Karriere Etter dei hadde skrive plateavtale med Rough Trade Records, sleppte dei fyrstesingelen “Hand in Glove» den 13. mai 1983. Denne utgjevinga — slik alle dei seinare singlane — vart promotert av DJ-en John Peel, men kom ikkje på listene. Oppfylgjarane «This Charming Man» og «What Difference Does It Make?» greidde seg derimot betre. Hjelpt av mange lovord frå musikkpressa og ei rekkje studioinnspelingar for Peel og David Jensen ved BBC Radio 1, byrja The Smiths å byggja seg opp ein trufast tilhøyrarskare — noko som, særleg i Morrisseys tilfelle, framleis i dag ber kultpreg. Tekstane til Morrissey, sjølv om dei stundom kunne verka nedtrykkjande, var ofte breiddfulle av sardonisk humor, (The Smiths var «éi av få grupper som kan få meg til å le høgt», sa Peel) og dei triste songane om ulukkeleg kjærleik og framandgjering fann eit publikum mellom misnøgde ungdomar som var leie av dei allestadsnærverande synthgruppene som dominerte hitlistene på den tida. Morrissey skreiv om daglegdagse ting; songar om sosiale tilhøve, og alt frå fortviling, det å verta avvist, og dauden, til vegetarianisme og engelsk musikkmiljø.
Gruppa hadde òg ein veldig særeigen visuell stil. Album- og singel-omslaga hadde mangeleta bilete av film- og pop-stjerner, oftast i totonefargar, utforma av Morrissey og kunstkoordinatoren i Rough Trade, Jo Slee. Singelomslaga hadde sjeldan annan tekst enn namnet på gruppa, og bilete av gruppa sjølv vart ikkje trykte på nokon av omslaga på utgjevingar i Storbritannia. (Morrissey dukka likevel opp på eit alternativt omslag på «What Difference Does It Make?», der han etterlikna posituren til personen på det opphavlege biletet, Terence Stamp, etter at sistnemnde hadde protestert på at eit bilete av han vart nytta.) Personane på omslaga var eit uttrykk for Morrissey sine eigne interesser — obskure stjerner eller stjerner frå kultfilmar (Stamp, Jean Marais, Joe Dallesandro, James Dean), figurar frå britisk kultur på 1960-talet (Viv Nicholson, Pat Phoenix, Yootha Joyce, Shelagh Delaney), eller bilete av ukjende modellar tekne frå gamle film- eller biletmagasin. I motsetnad til den eksotiske moten som var populær på 1980-talet, slik han vart brukt av artistar som Spandau Ballet og Duran Duran, og framstilt i blad som The Face og j-D, kledde gruppa seg stort sett i vanlege klede — dongeribukser og daglegdagse skjorter — som spegla musikken, som søkte å «venda attende til røtene». Frå tid til annan nytta Morrissey effektar som til dømes eit (falskt) høyreapparat (for å stø ein kvinneleg fan som skjemdest over å bruka eit; sjå Morrissey & Marr: The Severed Alliance av Johnny Rogan for meir om dette), briller med tjukke kantar, og han var kanskje best kjend for blomebukettane han hadde (som ofte låg tilfeldig plasserte i baklommene på buksene hans).
Meat Is Murder
Tidleg i 1985 sleppte The Smiths det andre albumet sitt, Meat Is Murder, som var meir aggressivt og politisk ladd enn det førre hadde vore; mellom anna i kraft av vegeterianisme-forkynninga tittelsporet innebar (Morrissey nekta resten av gruppa å verta fotograferte i situasjonar der dei åt kjøt). Andre låtar i denne leia inkluderte den anti-rojalistiske «Nowhere Fast» og «The Headmaster Ritual» og «Barbarism Begins at Home», som gjekk ut mot fysisk avstraffing av born. Musikalsk sett var bandet òg vorte meir eventyrlyste, med rockabilly-riffa på «Rusholme Ruffians» og bass-soloen til Rourke på «Barbarism Begins at Home». Før albumet vart gjeve ut, kom B-sida «How Soon Is Now?» ut att på nytt som singel, og sjølv om denne ikkje var med på original-LP-en, vart låten teken med på seinare nyutgjevingar. Meat Is Murder var det einaste av albuma til The Smiths (sett bort ifrå samleutgjevingane) som nådde fyrsteplass på britiske salslister.
I tillegg til at albumet var meir politisk enn det førre, vart Morrissey òg meir politisk i intervjua som vart gjorde med han. Dette førte til endå meir kontrovers. Nokre av dei han åtaka var Thatcher-regjeringa, det britiske monarkiet og Band Aid. Morrissey kom i rampeljoset då han uttalte at «ein kan ha all verdas omsut for folket i Etiopia, men det er ei heilt anna sak å syrgja for at det engelske folket lir kvar dag.»
Den påfylgjande singelen «Shakespeare's Sister» (som ikkje vart teken frå albumet) var ingen suksess på salslistene. Dette var heller ikkje den einaste singelen frå plata, «That Joke Isn't Funny Anymore». Mange rekna dette for å vera eit underleg singelval, med baklengsgitarane og mangelen på noko som fekk lyttarane til å festa seg ved låten. Salslistene spegla dette; låten nådde so vidt over 50. plass. Men «The Boy With the Thorn In His Side» frå september 1985 synte at det fanst større ting i vente.
The Queen Is Dead
I laupet av 1985 fullførte gruppa omfattande turnéar i Storbritannia og USA, samstundes som dei spela inn det neste studioalbumet, The Queen Is Dead. Albumet vart sleppt i juni 1986, kort tid etter singelen "Bigmouth Strikes Again". Ei typisk blanding av det dystre (til dømes "Never Had No One Ever", som på mange vis oppsummerte stereotypane om bandet), det tørrhumoristiske (til dømes "Frankly Mr. Shankly", som mange påstår å vera ei melding til Rough Trade-sjefen Geoff Travis forkledd som eit avskilsbrev frå ein tilsett til sin overordna) og mange låtar som samanfatta desse to sidene (slik som "There Is A Light That Never Goes Out" og "Cemetry Gates"). Plata nådde andre plassen på den britiske albumlista, og vert no som oftast sedd på som den beste utgjevinga deira. I 1989 kåra SPIN magazine The Queen Is Dead til "den beste plata nokonsinne" på ei rangering. Etter dette har mange musikktidsskrift plassert albumet på topp eller mellom topp ti i liknande rangeringar, til dømes NME og Melody Maker. I juni 2006 dedikerte NME eit heilt nummer til tjueårsjubileet for utgjevinga av plata.
Likevel var ikkje alt slik det skulle vera i gruppa. Rettsleg strid med Rough Trade forseinka albumet med nesten sju månader (det var klårt allereie i november 1985), og Marr byrja kjenna påkjenningane av dei utmattande turnéane. Seinare sa han dette til NME: "På felgen dekkjer ikkje helvta; eg var veldig sjuk. Då turnéen var slutt, var alt på veg til å verta litt... farleg. Eg drakk meir enn eg kunne takla." I mellomtida vart Rourke kasta ut or gruppa tidleg i 1986 på grunn av vedvarande problem med heroin. Han fekk vita dette gjennom ein Post-it-lapp fest til frontruta på bilen sin. Der stod dette: "Andy - du har slutta i The Smiths. Farvel og lukke til, Morrissey." Rourke vart mellombels bytt ut med Craig Gannon på bass, men etter berre to veker kom han attende. Gannon heldt fram som rytmegitarist. Denne fem-manns-gruppa spela inn singlane "Panic" og "Ask" (med Kirsty MacColl på bakgrunnsvokal) og turnerte Storbritannia; etter at turnéen var slutt i oktober 1986, vart Gannon òg sparka.
Strangeways, Here We Come
1987 byrja lovande for gruppa. Singelen "Shoplifters of the World Unite" (éin av yndlings-Smiths-songane til Morrissey) vart sleppt tidleg det året, til stor suksess på listene -- so vel som mild kontrovers frå foreldre som var redde songen ville få borna deira til å stela. Denne fylgdest av ei andre samleplate, The World Won't Listen (tittelen var Morrisseys frustrerte kommentar til det at gruppa ikkje møtte stor generell popularitet, sjølv om plata ironisk nok nådde andreplass på albumlista), og singelen "Sheila Take a Bow", den andre (og siste medan gruppa framleis spela i lag) topp-ti-låten dei fekk i Storbritannia. Ei anna samleplate, Louder Than Bombs, var meint for utanlandske publikum og dekte mykje av det same materialet som The World Won't Listen, men med "Sheila Take a Bow" og material frå Hatful of Hollow lagt til, med di sistnemnde enno ikkje var utgjeven i USA.
Sjølv om gruppa opplevde suksess, skulle personlege stridar i gruppa - som til dømes det stendig meir spente tilhøvet mellom Morrissey og Marr - føra dei til randa av oppløysing. I august 1987 vart det kunngjort at Marr hadde forlate gruppa. Leiting etter ein innbytar for Marr - Roddy Frame vart sett opp til å slutta seg til bandet på eit tidspunkt - skulle visa seg å vera nyttelause, og då Strangeways, Here We Come (oppkalla etter Strangeways Prison i Manchester) kom ut i september, var ikkje gruppa meir. Ansvaret for samanbrotet i tilhøvet dei imellom har i stor grad vorte lagt på Morrissey, som irriterte seg over samarbeidsprosjekta Marr hadde med andre artistar, og på grunn av at Marr irriterte seg over Morrisseys mangel på musikalsk fleksibilitet. Særleg hata Marr det at Morrissey på daud og liv skulle gjera nyinnspelingar av låtar åt sekstitalsartistar som Twinkle og Cilla Black. Marr refererte til dei siste låtane gruppa hadde spela inn i lag (B-sider til "Girlfriend in a Coma"-singelen, som kom ut før albumet) då han sa at "Eg skreiv "I Keep Mine Hidden," men "Work Is a Four Letter Word" hata eg. Det var verkeleg den siste dropen. Eg skipa ikkje ei gruppe for å framføra Cilla Black-songar."