mini|Nidarosdomen Nidaros bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Biskopen har sete i Trondheim, med Nidarosdomen som domkyrkje.

Historie Det første bispesetet i Nidaros vart truleg oppretta på Olav Kyrre si tid. I 1152/53 vart Nidaros erkestift og kyrkjeleg senter for det vest-nordiske riket. 10 bispesete låg under Nidaros: Bjørgvin, Stavanger, Hamar og Oslo i Noreg. Dessutan: Isle of Man, Orknøyane, Færøyane, Grønland, Skåholt på Island og Holar på Island. For informasjon om setet til erkebiskopen, sjå Nidaros erkebispedøme.

Ved reformasjonen i 1537 opphøyrde det store erkestiftet og maktgrunnlaget vart overtatt av kongen i København. Den katolske erkebiskopen flykta frå landet, og først i 1546 var den første lutherske biskopen på plass i Nidaros.

Seinare har bispedømmet blitt mindre: I 1622 vart Sunnmøre overført til Bjørgvin stift og i 1803 vart Nord-Noreg skilt ut frå Nidaros som eit eige bispedømme. I 1982 vart Møre bispedømme skilt ut. Nidaros avstod da Nord-Møre og Romsdal til det nye bispedømmet. No omfattar Nidaros bispedømme Trøndelag fylke.

Biskopar i Nidaros etter reformasjonen

Herborg Finnset 2017- Tor Singsaas 2008-2017 Finn Wagle 1991-2008 Kristen Kyrre Bremer 1979-1990 Tord Godal 1960-1979 Arne Fjellbu 1945-1960 Johan Støren 1928-1945 Jens Gran Gleditsch 1923-1928 Peter Wilhelm Kreydahl Bøckmann 1909-1923 Vilhelm Andreas Wexelsen 1905-1909 Johannes Nilsson Skaar 1892-1904 Nils Jacob Laache 1884-1892 Andreas Grimelund 1861-1883 Hans Jørgen Darre 1849-1860 Hans Riddervold 1843-1848 Peder Olivarius Bugge 1804-1842 Johan Christian Schønheyder 1788-1803 Marcus Fredrik Bang 1773-1789 Johan Ernst Gunnerus 1758-1773 Frederik Nannestad 1748-1758 Ludvig Harboe 1743-1748 Eiler Hagerup d.e. 1731-1747 Peder Krog 1689-1731 Christopher Hanssen Schletter 1678-1688 Erik Pontoppidan den eldre 1673-1678 Arnold de Fine 1672 Erik Bredal 1643-1672 Peder Skjelderup 1622-1642 Anders Arrebo 1618-1622 Isak Grønbech 1596-1617 Hans Mogensson 1578-1595 Hans Gaas 1549-1578 Torbjørn Bratt 1546-1548

Prosti

Nidaros bispedømme har følgjande prosti: Nidaros domprosti Byåsen prosti Fosen prosti Gauldal prosti Heimdal prostiNamdal prosti Orkdal prosti Stiklestad prosti Stjørdal prosti Strinda prosti

Fellesråd

Bispedømmet har har følgjande fellesråd:

Flatanger Frosta Frøya Grong Heim Hitra Holtålen Høylandet Inderøy Indre Fosen Leka Leksvik Levanger Lierne Malvik Melhus Meråker Mosvik Namsos Namsskogan Nærøysund Oppdal Orkland Osen Overhalla Rennebu Røros Røyrvik Selbu Skaun Snåsa Steinkjer Stjørdal Støren Trondheim Tydal Verdal Ørland Åfjord

Kategori:Bispedøme i Den norske kyrkja

Kategori:Trøndelag fylke