mini|300px|Det portugisiske imperiet (1410-1999)
Det portugisiske imperiet var det første verdsomspennande imperiet i historia, og det eldste og mest langvarige av dei vest-europeiske kolonirika. Imperiet varte frå 1415 til 1999.
Det var tilknytinga til havet som gjorde at kongedømmet kunne erobre Ceuta i 1415 og utforske Atlanterhavet tidleg på 1400-talet. Henrik sjøfararen grunnla ein sjøfartsskule i Sagres, og dette fostra nyvinningar som karavellen i tillegg til at den portugisiske kartografien vart vidareutvikla. Hundre år seinare vart målet nådd om å finne ei sjørute til India, og Kongedømet Portugal byrja å ekspandere utover i verda. Dei berømte oppdagarane Bartolomeu Dias, Vasco da Gama og Magellan var portugisarar, sjølv om den sistnemnde seglde for den spanske krona, som var Portugal sin konkurrent innan sjøfart etter 1492.
Imperiet var avgrensa til ei samling av små men godt vakta utpostar langs kysten, på grunn av Portugal sitt relativt låge folketal og litle utstrekning. Imperiet var på sitt mektigaste på 1500-talet, men på grunn av manglande engasjement frå Habsburg-kongane og konkurransen med dei nye kolonimaktene England, Frankrike og Holland, starta eit langvarig og gradvist forfall. Etter 1700-talet konsentrerte Portugal seg om koloniseringa av Brasil og dei afrikanske territoria. Gull frå Brasil gav ny næring til imperiet, men det katastrofale jordskjelvet i Lisboa i 1755, gjekk svært hardt ut over imperiehovudstaden, og vart byrjinga på slutten av Portugal sin mektige posisjon på den internasjonale politiske arenaen. I 1822 vart Brasil uavhengig, og i 1890 gjorde det britiske ultimatumet ende på dei portugisiske planane om ein liknande storkoloni i Afrika.
Etter andre verdskrigen freista Portugal under Salazar-regimet å motarbeide avkoloniseringa, noko som førte til at den portugisiske kolonikrigen braut ut i 1961, og varte til 1974. Etter at Goa og Daman og Diu vart overtekne av India, vart det portugisiske herredømet i Asia redusert til å berre omfatte Macau (eigentleg eit kinesisk territorium forvalta av Portugal) og Aust-Timor. Etter nellikrevolusjonen i 1974, endra Portugal politisk kurs, og byrja å støtte sjølvstende til koloniane sine. Det oversjøiske portugisiske imperiet fekk ein endeleg slutt då Portugal leverte Macau over til Kina i 1999, sjølv om Aust-Timor var eit de jure portugisisk territorium fram til det vart uavhengig i 2002. Imperiet har fått ein kulturell arvtakar gjennom Samveldet av portugisisktalande statar, CPLP.
Starten på imperiet (1415-1494) mini|Statue av Henrik sjøfararen, prinsen som støtta mange av dei tidlege utforskingane til landet. Den portugisiske gjenerobringa av territoriet frå arabarane (på portugisisk reconquista), nådde høgdepunktet i 1249, då Afonso III erobra Algarve, og dermed fastsette dei portugisiske grensene på den den iberiske halvøya, som har vore nærmast uendra til i dag. I løpet av 1500-talet brukte kongehusa Aragon og Portugal sjøvegen for å ekspandere territoria sine. Den kastiljanske trona erobra ikkje det siste mauriske forsvarsverket før 1492. Det aragonske imperiet, som hadde gjennomført sin reconquista i 1266, konsentrerte seg om Middelhavet, medan det portugisiske imperiet fokuserte på Atlanterhavet og Nord-Afrika.
Portugisiske soldatar tok kontroll over Ceuta på den nordafrikanske kysten i 1415 og nedkjempa maurarane, som freista ei gjenerobring i 1418. I 1419 vart to av Henrik sjøfararen sine kapteinar, João Gonçalves Zarco og Tristão Vaz Teixeira ført av ein storm til øya Madeira. I 1427 oppdaga ein annan portugisisk kaptein øygruppa Asorane.
Under ein ekspedisjon til Tanger i 1436, bestemt av kong Edvard av Portugal, (1433-1438), vart den portugisiske hæren nedkjempa, og klarte å unngå å bli øydelagt ved at dei lét prins Ferdinand, kongen sin yngste bror, bli tatt som gissel. Prins Henrik sine kapteinar heldt fram med å utforske Afrika og Atlanterhavet. i 1434 vart sjøvegen rundt Cape Bojador funne. I 1441 kom den første ladningen med slavar til Lisboa, og slavehandelen skulle snart bli ein av dei mest lønnsame inntektskjeldene til det portugisiske imperiet. Senegal og Kapp Verde vart nådd i 1445. I 1446 var António Fernandes nær ved å nå Sierra Leone.
I mellomtida heldt koloniseringa fram på Asorane (frå og med 1439 og Madeira), kor nybyggjarar frå Portugal, Frankrike og Flandern produserte sukker og vin. Gull frå Guinea stimulerte den portugisiske handelsøkonomien, og det vart tydeleg at oppdagingane ikkje berre hadde religiøse og vitskaplege fordelar, men i tillegg hadde vore svært økonomisk lønnsame.
Under Afonso V, Afrikanaren (1443-1481), vart Guineagolfen utforska heilt fram til Cape St Catherine, og det vart sendt tre ekspedisjonar til Marokko i 1458, 1461 og 1471. I 1458 vart Alcácer Ceguer (El Qsar es Seghir på arabisk) erobra frå maurarane, og i 1471 vart Arzila og Tanger erobra.
I 1474 fekk oppdagaren João Vaz Corte-Real eit kapitani på Asorane for å ha oppdaga Terra Nova dos Bacalhaus (Det nye torskefisklandet) i 1472. Enkelte hevdar at dette er Newfoundland. Det er svært mogleg at dette kan vere riktig, men det er få prov på dette på grunn av at portugisarane gav ut svært lite informasjon om sine eigne oppdagingar. Enkelte prov kan kanskje stadfeste teorien. João Vaz Corte-Real var nemleg far til Corte-Real-brørne som utforska Newfoundland i 1500.
Afonso V gjorde krav på den kastiljansk-leonske trona når han gifte seg med prinsesse Joan av Castilla, men Isabella utropte seg sjølv til dronning av Castilla. Alcáçovas-avtalen som vart underteikna i 1479 gav Portugal einerett til å seile på havet nedanfor Kanariøyane, og portugisarane valde då å anerkjenne Isabella som dronning av Castilla.
Under João II av Portugal (1481-1495) vart fortet São Jorge da Mina, i dag Elmina i Ghana, grunnlagd for å verne Guinea-handelen. Dette vart det portugisiske hovudkvarteret i Vest-Afrika fram til 1637. Diogo Cão oppdaga Kongo i 1482 og nådde Cape Cross i 1486. I 1488 runda Bartolomeu Dias Kapp det gode håp, og dermed var passasjen til India open.
Tordesillastraktaten (1494) mini|Første side av Tordesillastraktaten, som delte verda mellom Spania og Portugal. Portugal såg for seg eit enormt handelspotensiale gjennom ein mogleg sjøveg rundt Afrika til India og resten av Asia, og arbeida offensivt for å oppnå dette både med handelsutpostar og festningar.
Pavebullen Inter caetera i 1493 og Tordesillastraktaten i 1494 delte verda utanfor Europa i mellom Portugal og Spania. Linja vart bestemt til å vere nord-sør-meridianen 1550 km vest frå Kapp Verde-øyane utanfor vestkysten av Afrika. Dette resulterte i at heile Afrika og nesten heile Asia ville høyre til Portugal, medan nesten heile den nye verda ville høyre til Spania.
Det første forslaget frå pave Aleksander VI om plasseringa av linja vart flytta litt vestover av João den II av Portugal, og dette vart godteke. Denne nye linja gjorde at Brasil og Newfoundland (etter datidas oppfatning) vart ein del av Portugal i året 1500. Sidan avstanden som vart føreslått av João II ikkje er eit «rundt» tal (370 sjømil), hevdar enkelte at Portugal kjende til desse landområda før Tordesillastraktaten i 1494. João den II døydde året etter, i 1495.
Imperiets glansdagar (1494-1580) mini|Portugisisk villa i Goa.
Etter at Tordesillastraktaten var signert, fekk Portugal einerett på å segle rundt Afrika, og i 1498 nådde Vasco da Gama India, og etablerte dei første portugisiske utpostane der. Snart var Portugal senteret for handelen med Aust.
I Aust-Afrika vart små muslimske statar langs kysten av Mosambik, Kilwa, Brava og Mombasa, anten øydelagde eller dei vart undersåttar eller allierte av Portugal. Pêro da Covilhã nådde Etiopia allereie i 1490 ved at han reiste i skjul, og ein delegasjon av diplomatar møtte leiaren for landet i 1520. Den 22. april 1500 gjekk Pedro Álvares Cabral i land på det som i dag er Porto Seguro i Brasil, og det vart etablert mellombelse handelsstasjonar for å sanke inn brasiltre som vart brukt til farging.
Sokotra i Arabiahavet vart okkupert i 1506, og i det same året vitja Lourenço d'Almeida Ceylon. I Indiahavet vart Madagaskar oppdaga i 1507 av eitt av Pedro Álvares Cabral sine skip, og landet vart delvis utforska av Tristão da Cunha. Mauritius vart oppdaga i det same året. I 1509 vann portugisarane sjøslaget ved Diu mot ein koalisjon sett saman av Ottoman-sultanen Beyazid II, sultanen av Gujarat, mamelukksultanen av Kairo, raja Samoothiri av Kozhikode, Den venetianske republikken og Ragusan-republikken (Dubrovnik). Det andre slaget om Diu i 1538 gjorde ende på dei ottomanske framstøytane i India og stadfesta det portugisiske eineveldet i Indiahavet.
Portugal grunnla handelsstasjonar på fjerne stader som Goa, Malakka, Molukkane, Macau og Nagasaki. Portugal heldt både europeiske og asiatiske konkurrentar unna, og dominerte ikkje berre handelen mellom Asia og Europa, men òg mykje av handelen mellom ulike regionar i Asia, slik som India, Indonesia, Kina og Japan. Jesuittmisjonærar som den spanske Francis Xavier følgde portugisarane for å spreie den romersk-katolske kristendommen til Asia med vekslande hell.
Medan portugisiske skip utforska Asia og Sør-Amerika, fekk João Fernandes Lavrador og Corte-Real-brørne løyve av kong Manuel I av Portugal til å utforske Nord-Atlanteren. Lavrador gjenoppdaga Grønland og utforska området Labrador, som vart oppkalla etter han. Miguel og Gaspar Corte-Real utforska Newfoundland og omkringliggjande område. Torsken på Newfoundland banks vart utnytta og det vart innført skattar for å gi inntekter til kongedømmet. João Álvares Fagundes bad i 1521 om løyve til å byggje ein koloni i området, og fekk godkjenning av kongen. Kolonien vart forlaten i løpet av fem år, men årsaka til dette er ikkje kjend. Sidan dei afrikanske og asiatiske territoria var meir lukrative, dalte den portugisiske interessa for Nord-Amerika. I siste halvdel av 1500-talet hadde Portugal avgrensa aktiviteten i Newfoundland og Labrador til fiskeri.
I 1503 oppdaga ein portugisisk ekspedisjon under leiinga av Gonçalo Coelho at franskmennene gjorde landtog og plyndra området som tilsvarar dagens Brasil. I 1530 organiserte João III koloniseringa av Brasil rundt 15 capitanias hereditárias ('arvelege kapitani-område'), som vart tilbode alle dei som ville administrere og utforske dei. Det same året vart ein ny ekspedisjon send ut under leiing av Martim Afonso de Souza med ordre om å patruljere heile den brasilianske kysten, kaste ut franskmennene, og grunnleggje dei første kolonibyane; São Vicente på kysten, og São Paulo ved høgslettene. Berre to av dei 15 opphavlege kapitania, Pernambuco og São Vicente, opplevde vekst. Når busetjingane vart permanente vart sukkerrøyr-industrien innført, og den kravde svært mykje arbeidskraft. Først vart behovet dekt av indianarar, og seinare afrikanske slavar. Den første generalguvernøren over Brasil, Tomé de Sousa vart send ut i 1549. Han erklærte kapitani-systemet for ineffektivt, og grunnla hovudstaden Salvador ved Baía de Todos os Santos. Dei første jesuittane kom same året.
Den tredje guvernørgeneralen i Brasil, portugisaren Mem de Sá, lukkast i å øydeleggje den franske kolonien i i Guanabara-bukta, som hadde namnet France Antarctique, i åra mellom 1565 og 1567. Kolonien hadde då eksistert i 10 år. Mem de Sá grunnla då, saman med nevøen Estácio de Sá, byen Rio de Janeiro i mars 1567.
I 1578 kom portugisiske krossfararar inn mot Marokko, og vart møtt av Ahmed Mohammed av Fez ved Alcazarquivir. Det er svært truleg at Kong Sebastian av Portugal vart drepen i kampane eller at han vart avretta i etterkant. Slaget markerer slutten på Portugal sine ambisjonar om verdsherredøme.
Kongehuset Habsburg (1580-1640)