mini|KNM Utstein.
Ula-klassen er ein type undervassbåtar (type 210). I den norske marinen avløyste dei Kobben-klassen, som var i drift frå kring 1964 til 2001. Båtene har diesel-elektrisk framdrift, og har ei offisiell operativ djupn på 250 meter. Dei seks båtane er alle oppkalla etter tidlegare båtar av U-klassen. Dei har alle base på Haakonsvern i Bergen. Bygginga av Ula-båtane var ein del av MDAP, og dei var forventa å vera i aktiv teneste til ut år 2020. Båtane dekkjer pennantnummer S-300 til S-305. Namnet Ula kjem av ubåten KNM Ula (P-66) frå andre verdskrig, som igjen var oppkalla etter losen Ulabrand frå Ula i Vestfold.
KNM Ula (S-300) KNM Utsira (S-301) KNM Utstein (S-302) KNM Utvær (S-303) KNM Uthaug (S-304) KNM Uredd (S-305)
Ubåtane vart levert av Thyssen Nordsee Werke frå 1989 til 1992. Alle fartøya i Ula-klassen har namn som byrjar på bokstaven u.
Fakta:
Lengd: 59 meter
Breidd: 5,4 meter
Djupte: 4,6 meter
Fart: 11 knop oppdykka / 20 knop neddykka
Deplasement: 1040 tonn oppdykka / 1150 tonn neddykka
Framdrift: Diesel-elektrisk
Våpen: Torpedoar
Besetning: 21 +
Ubåtar av Type 212CD blei bestilt i 2021 som erstatning for Ula-klassen.
Sjå òg Liste over atomubåtar i teneste Liste over ubåtklassar i teneste
Kjelder
Forsvarsnett: Ula-klassen
Kategori:Den norske marinen Kategori:Norske ubåtar