«On the Run» er ein elektronisk instrumental av det britiske rockebandet Pink Floyd frå albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen omhandlar stress og mas med det å reise (som Richard Wright sa førte til dødsfrykt) og er driven fram av VCS3-synthesizerar. Då bandet spelte denne songen på konsertar hadde dei eit modellfly som glei langs ein streng frå eine sida av konsertstaden til den andre, og kolliderte i ein svær eksplosjon.

Komposisjon Stykket vart danna ved å fore ein sekvens på åtte notar inn i VCS3-synthesizer og auke tempoet på han. High-hat lyden er laga ved hjelp av kvit støy-generatorar. Dei la så på gitarlydar ved å dra eit mikrofonstativ ned grepbreidda, og panorere lyden frå venstre til høgre. Dei brukte òg andre synthesizerlydar, som høyrdest ut som køyretøy som passerte forbi, og gav ein Dopplereffekt.

Mot slutten av instrumentalen kan ein høyre ein eksplosjon, som gradvis forsvinn og banar veg for dei ringande klokkene på «Time».

Då The Dark Side of the Moon vart spelt på konsertar i 1972 (før albumet kom ut), vart dette sporet kalla «The Travel Sequence», og i staden for ein kompleks elektronisk instrumental, var han ein enkel gitarimprovisasjon.

Stemmer Etter 27 sekund kan ein høyre ei kvinneleg stemme over ein høgtalar. Dette er ei «flyplass-stemme» som gjev meldingar til dei reisande. Om ein høyrer nøye etter kan ein høyre stemma sei: «Get your tickets and your passports at the ready, we make a brief stop at customs and then we begin. Now boarding flight 215 to Rome from Colorado Fields.» Stemma seier meir enn dette, men druknar i lyden av ein helikopterliknande lyd. Etter 1:54 seier studioarbeidaren Roger the Hat: «Live for today, gone tomorrow. That's me. Ha ha ha!»

Fakta Når ein spelar albumet i lag med filmen The Wizard of Oz frå 1939, syng Dorothy «Over the Rainbow» medan «On the Run» spelar. Dette gjev ein interessant kontrast, og det kan sjå ut som Dorothy kikkar på «fly» som fyk over hovudet på ho. Initialane til begge songane er i tillegg OTR. Då bandet spelte songen på konsertar, gjekk alle (unntatt Wright) av scenen.

Medverkande David Gilmour – elektrisk gitar, EMS Synthi AKS Roger Waters – VCS3, lydbandeffektar Richard Wright – Hammondorgel, Leslie høgtalar Nick Mason – perkusjon (hjarteslag), lydbandeffektar

med:

Peter James – fotsteg Roger «The Hat» Manifold – talt vokal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «On the Run (instrumental)» frå , den 29. juni 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Rockeinstrumentalar Kategori:Eksperimentelle musikkomposisjonar Kategori:Songar om luftfart Kategori:Songar skrivne av David Gilmour Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Richard Wright Kategori:Songar produserte av Nick Mason