«Eclipse» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen er laga og sungen av Roger Waters med David Gilmour på harmonivokal.
Komposisjon Songen eksploderer rett frå slutten av «Brain Damage». Sjølve songen varer om lag eitt og eit halvt minutt, før hjarteslaga frå byrjinga av albumet avsluttar songen dei siste 40 sekunda.
På enkelte utgåver av albumet kan ein etter 1:35, under Gerry Driscoll sitt taleparti, høyre ein orkesterversjon av The Beatles sin song «Ticket to Ride». Det har lenge vore diskutert om det er ei meining bak dette, men truleg er det berre musikk frå eit nabokontor under innspelinga av intervjuet med Driscoll.http://pianoman.wordpress.com/2005/11/01/the-mystery-of-eclipse/
Det fulle svaret som blei gjeve av dørmannen Gerry Driscoll (på spørsmålet «Er det ei mørk side av månen?») var: «There is no dark side of the moon, really. As a matter of fact, it's all dark. The only thing that makes it look light is the sun.» Den siste setninga vart derimot tatt bort, truleg for å gje eit større inntrykk på slutten av albumet.
Fakta 10. mars 2004 vart songen brukt for å vekke Marssonden «Opportunity». Dette er ikkje første gong Pink Floyd har vorte spelt i verdsrommet. Russisk kosmonautar tok med seg ein kassett av Delicate Sound of Thunder med seg i rommet, og Pink Floyd vart då (uoffisielt) det første bandet som vart spelt i verdsrommet.
Songen vart spelt under fyrverkeriseansen under opningsseremonien til sommar-OL 2012 i London, like etter OL-elden var tent.
Andre versjonar Ein konsertversjon av songen er med på P*U*L*S*E, sungen av Gilmour i staden for Waters. Waters har òg gjeve ut ein konsertversjon av songen på In the Flesh: Live i lag med «Brain Damage». Ei utgåve av songen med ein annan lydmiks vart gjeve ut på samlealbumet Works.
Medverkande Roger Waters – bassgitar, solovokal David Gilmour – elektrisk gitar, korvokal Richard Wright – Hammondorgel, korvokal Nick Mason – trommer, bass trommer, lydbandeffektar
med:
Lesley Duncan – korvokal Doris Troy – korvokal Barry St. John – korvokal Liza Strike – korvokal
Merknadar
Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Richard Wright Kategori:Songar produserte av Nick Mason