mini|Signing med vievatn under ein ortodoks prosesjon på tredje påskedag.
Tredje påskedag er tysdagen etter påske. Han er ein del av den lysande veka i ortodoks kristendom, som kan feirast med religiøse prosesjonar.
I Danmark og Noreg var tredje påskedag heilagdag fastsett i Kristian den femtes norske lov til han vart fjerna frå 1771 gjennom Festdagsreduksjonen. Dagen har vore halden som «halvhelg» lang tid etter dette. Då dagen var heilagdag i Danmark og Noreg, vart det i kyrkja preika over Evangeliet etter Lukas, 24. kapittel versa 36-48, Jesus syner seg for disiplane.
Bakgrunnsstoff Bibeltekst, Det norske Bibelselskap
Kategori:Kristne høgtider Kategori:Påske