Örnsköldsvik er ein by i Örnsköldsvik kommun, Västernorrlands län i Sverige. Byen hadde 28 991 innbyggjarar i desember 2010.
Örnsköldsvik er ein stor hamne- og industriby med mellom anna verkstadindustri. I byen finst museum, Gene jernalderby og Mittuniversitetet. Kring 25 km nordaust for byen ligg ein flyplass.
Byen er grunnlagd i 1842 og har fått sitt namn etter landshövding Per Abraham Örnsköld og er ein av få svenske byar som har fått namn etter ein ikkje-kongeleg person. Örnsköldsvik fekk bystatus i 1894.
Selskapet Svensk Etanolkemi ligg i Örnsköldsvik.
Den lokale ishockeyklubben heiter MODO Hockey og er kjend for å ha fostret mange dyktige NHL-spelare, som Peter Forsberg, med fleire. I byen finst òg skihoppanlegget Paradiskullen. Dei fyrste paralympiske vinterleikane vart haldne her i 1976.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Örnsköldsvik» frå , den 6. juli 2012.
Bakgrunnsstoff Örnsköldsviks heimeside Örnsköldsviks heimeside in English
Kategori:Tettstader i Västernorrlands län Kategori:Örnsköldsviks kommun Kategori:Byar i Sverige Kategori:Busetnader grunnlagde i 1842