Storforshei er ein tettstad i Rana kommune, ca. 2 mil nord for Mo. Staden har ei historie som er tett knytt opp mot gruveverksemd. Dunderland Iron Ore Company starta gruvedrift ved Storforshei i 1902, seinare har Rana gruber drive ut malm her. Malmen frå Storforshei var ei tid nytta i produksjonen til Norsk jernverk. Elles har malmen vorte skipa ut frå Mo. I dag har staden skule og butikk. Nevernes kyrkje ligg nokre kilometer lenger opp i Dunderlandsdalen. Motorsportanlegget Arctic Circle Raceway (ACR) ligg ved Storforshei.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Geografi i Rana Kategori:Tettstader i Nordland