Cristiano Ronaldo dos Santos Aveiro () er ein portugisisk fotballspelar. Han spelar per 2022 for den engelske klubben Manchester United, og har tidlegare spela for Real Madrid, Sporting Lisboa og Juventus.

Han vart ligameister med Sporting Lisboa i 2003, og i august same året skreiv han under for United. Mange frykta at presset vart stort for den dåverande 18-åringen sidan han fekk den legendariske trøya nr. 7. Ronaldo meistra forventningspresset fint, og var med på å vinne FA-cupen i den fyrste sesongen sin. Han vart toppskårar i Premier League i 2007/08-sesongen med 31 seriemål, og var Manchester United sin toppskårar i Premier League også i 2006/07- og 2008/09-sesongen. Han vann Premier League med Manchester United tre gonger, i 2007, 2008 og 2009. I 2008 var han med på å vinna den europeiske Meisterligaen med United, og i 2008 VM for klubblag. Han vart kåra til årets spelar i Premier League i 2006/07-sesongen og i 2007/08-sesongen. I 2008 vart han òg kåra til årets spelar i verden av FIFA.

Med Real Madrid har han vunne den spanske serien, i 2012, og Meisterligaen i 2014. Han var klubben sin toppskårar i serien fire sesongar i strekk frå 2010/11-sesongen og framover. Han vart toppskårar i den spanske toppdivisjonen i 2010/11- og 2013/14-sesongen. I fotball-EM i 2012 spela han alle Portugal sine fem kampar og skåra tre mål då Portugal nådde semifinalen i meisterskapen. Han vart dimed ein av seks spelarar som delte tittelen som toppskårar i turneringa.

Cristiano Ronaldo vert rekna som ein av dei mest talentfulle spelarane i Europa, og har fast plass på det portugisiske herrelandslaget i fotball. Han debuterte på landslaget i august 2003, og var ein av dei beste spelarane på laget under EM i 2004, der han skåra to mål. Mest kjend er C. Ronaldo for dei vanvittige fintene og finessane sine i tillegg til ein svært god basisteknikk. Skot- og pasningsfoten hans er også i orden og alt i alt er han ein av dei klart mest talentfulle spelarane i verda på sin alder.

Karriere som spelar (alle turneringar) Per 3. januar 2022 KlubbKamparMålPeriode Sporting Lisboa2531999-2003 Manchester United196842003-2009 Real Madrid2923112009-2018 Juventus98812018-2021 Manchester United1682021-

Kjelder Cristiano Ronaldo - Player Profile. Transfermarkt

Bakgrunnsstoff

Kategori:Portugisiske fotballspelarar Kategori:Sporting-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2021 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2022 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2024 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026 Kategori:Juventus-spelarar