Indre Romsdal prosti er eit tenestedistrikt i Møre bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete på Åndalsnes.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske Kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.

Prestetenesta lokalt vart tidlegare organisert i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde prostiet desse prestegjelda: Prestegjeld og sokn i Indre Romsdal prosti:

Grytten prestegjeld med Grytten sokn Kors sokn Øverdalen sokn Hen sokn Voll sokn Eid og Holm sokn Vågstranda sokn

Vestnes prestegjeld med Vestnes sokn Tresfjord sokn Fiksdal sokn Vike sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter prosti Kyrkjer i Noreg etter kommune

Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja

Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Møre og Romsdal fylke Kategori:Møre bispedømme Kategori:Romsdal