Midhordaland prosti var eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Det femnde kommunane Austevoll, Fusa, Os og Samnanger i Hordaland og prosten hadde sete på Osøyro. Prostiet vart lagt ned 1. mars 2014 og sokna overført til naboprostia.«Endringar i prostigrenser» Os og Austevoll vart overført til Fana prosti og Fusa og Samnanger til Hardanger og Voss prosti.
Før 2000 høyrde også Askøy, Fjell, Sund og Øygarden til prostiet.Kirkelig enheter og endringer i prosti og menigheter Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste, 2009
Prostia er inndelte i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Prestegjeld og sokn i Midhordaland prosti Prestetenesta var før organisert lokalt i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Midhordland prosti desse prestegjelda:
Os prestegjeld med Os sokn i Hordaland
Fusa prestegjeld med Fusa sokn
Samnanger prestegjeld med Samnanger sokn
Austevoll prestegjeld med Austevoll sokn
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune
Kjelder
Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja
Kategori:Nedleggingar i 2014 Kategori:Tidlegare prosti i Noreg Kategori:Hordaland fylke Kategori:Bjørgvin bispedømme