300px|mini|høgre|Bryne kyrkje frå 1979 Jæren prosti var eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja, med prostesete på Bryne. Frå 1. januar er prostiet, utanom Gjesdal som er lagt til Tungenes prosti, slått saman med Dalane prosti til nye Jæren og Dalane prosti med prostesete i Egersund.

Frå 1998 omfatta Jæren prosti sokna i dei fire kommunane på søre Jæren: Time kommune Time sokn Undheim sokn (utskild frå Time i 2002) Bryne sokn (utskild frå Time i 1990)Bryne kyrkjelyd Klepp kommune Klepp sokn Bore sokn Orre sokn både Klepp og Time kommunar Frøyland og Orstad sokn (utskild frå Klepp og Time i 2006, Noregs einaste sokn som er delt på to kommunar) Hå kommune Nærbø sokn Varhaug sokn Ogna sokn Gjesdal kommune Gjesdal sokn Ålgård sokn

Historikk Prostiet har røter i mellomalderen, og femna opphavleg om heile Jæren, unnateke den nørdste luten. Følgjande grenseendringar har skjedd: Madla sokn vart tilført i 1741 etter å ha lege under latinskulen i Stavanger, men vart flytta til Stavanger domprosti 1967.Arkivverket Dirdal kapelldistrikt vart tilført frå Hetland prosti i 1965.Arkivverket Riska sokn vart tilført frå Hetland prosti i 1967Arkivverket Ogna sokn vart tilført frå Dalane prosti i 1988.Arkivverket Høle sokn vart tilført frå Hetland prosti i 1988. Randaberg og Kvitsøy sokn vart tilførte frå Hetland prosti i 1988, men vart flytta til Tungenes prosti i 1998. Alle sokn i Sandnes (medrekna ovan nemnde Riska og Høle) og Sola kommunar vart overførte til det då nyoppretta Sandnes prosti i 1998. Prostiet vart slått saman med Dalane prosti frå 1. januar 2027 til nye Jæren og Dalane prosti.

Kjelder

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Nettsida til Den norske kyrkja

Kategori:Prosti i Stavanger bispedømme Kategori:Jæren