mini|Flekkefjord kyrkje mini|Bakke kyrkje mini|Fjotland kyrkje mini|Eiken kyrkje mini|Austad kyrkje mini|Lyngdal kyrkje mini|Hidra kyrkje Lister prosti er eit tidlegare tenestedistrikt i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten hadde sete i Flekkefjord. Prostiet svara til kommunane Farsund, Flekkefjord, Hægebostad, Kvinesdal, Lyngdal og Sirdal i geografisk utstrekking. Prostiet er no ein del av Lister og Mandal prosti.Agder og Telemark bispedømmeråd: Møteprotokoll 22.10.2018, s. 4.
Prostiet var inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.
Lyngdal kyrkje var prostikyrkje for Lister prosti.Kyrkjesøk: Lyngdal kirke
Prestegjeld og sokn i Lister prosti:
Flekkefjord kommune Tidlegare Flekkefjord prestegjeld Flekkefjord sokn Hidra sokn Gyland sokn Bakke sokn
Lyngdal kommune Tidlegare Lyngdal prestegjeld Lyngdal sokn Austad sokn Kvås sokn
Hægebostad kommune Tidlegare Lyngdal prestegjeld Hægebostad sokn Eiken sokn
Farsund kommune Tidlegare Farsund prestegjeld Farsund sokn Herad sokn Lista sokn Spind sokn
Kvinesdal kommune Tidlegare Kvinesdal prestegjeld Kvinesdal sokn Feda sokn Fjotland sokn
Sirdal kommune Tidlegare Sirdal prestegjeld Sirdal sokn
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Lister prosti på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Agder fylke Kategori:Prosti i Agder og Telemark bispedømme