mini|Fredrikstad Domkyrkje, bispesete, domprostsete og fyrtårn. Fredrikstad Domprosti er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Fredrikstad og Hvaler. Sidan prostiet er knytt til Fredrikstad domkyrkje, er det leia av ein domprost.

Før Borg bispedøme vart oppretta heitte prostiet Nedre Borgesyssel prosti.

Sokn Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Det er 11 sokn i prostiet (2014), eitt i Hvaler, ti i Fredrikstad.

Sokn Kyrkje(r) Borge sokn i Borg Borge kyrkje, Kjølstad kyrkje Fredrikstad Domkyrkje sokn Fredrikstad DomkyrkjeGamle Glemmen sokn Gamle Glemmen kyrkjeGlemmen sokn Glemmen kyrkje Gressvik sokn Gressvik kyrkje Hvaler sokn Hvaler kyrkje, Spjærøy kyrkje Kråkerøy sokn Kråkerøy kyrkje Onsøy sokn Onsøy kyrkje Rolvsøy sokn Rolvsøy kyrkjeTorsnes sokn Torsnes kyrkje Østre Fredrikstad sokn Østre Fredrikstad kyrkje

Prestegjeld Tidlegare var prestetenesta organisert gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Fredrikstad Domprosti desse prestegjelda:

Rolvsøy prestegjeld med Rolvsøy sokn

Fredrikstad Domkyrkje prestegjeld med Fredrikstad Domkyrkje sokn

Østre Fredrikstad prestegjeld med Østre Fredrikstad sokn

Glemmen prestegjeld med Glemmen sokn Gamle Glemmen sokn

Kråkerøy prestegjeld med Kråkerøy sokn

Onsøy prestegjeld med Onsøy sokn Gressvik sokn

Borge prestegjeld med Borge sokn Torsnes sokn

Hvaler prestegjeld med Hvaler sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti Prosti i Den norske kyrkja

Referansar

Bakgrunnsstoff Om Fredrikstad Domprosti på nettstaden til Den norske kyrkja Arkivverket Statsarkivet i Oslo: Fredrikstad domprosti arkivportalen.no Arkivverket Statsarkivet i Oslo: Nedre Borgesyssel prosti arkivportalen.no

Kategori:Borg bispedømme Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Østfold fylke