Christian Lous Lange () var ein norsk fredspolitikar.

Lange blei cand.mag. i 1893. I dei påfølgjande åra var han dels på lengre studiereiser for å lære seg språk, dels jobba han som lærar i Oslo. Mellom 1900 og 1910 var han sekretær ved Nobelinstituttet og Nobelkomiteen i Oslo og bibliotekaren og forretningsføraren til stiftinga.

Frå 1909 var han generalsekretær ved Den interparlamentariske unionen, fyrst i Bern, deretter i Brussel og til slutt i Genève. Dette embetet heldt han heilt til 1933, og det var dette embetet som gjorde at han blei tildelt Nobels fredspris i 1921. Han er spesiell som mottakar av Nobels fredspris av di at heile virket hans i mange år dreidde seg nettopp om fred, og vilkår for fredelege løysingar. Lange var attpåtil den fyrste nordmannen som blei tildelt fredsprisen.

I 1919 blei han kreert til dr.philos. ved Universitetet i Oslo på grunnlag av verket Histoire de l'internationalisme.

Han var far til utanriksminister Halvard Lange og stortingsrepresentant Carl Viggo Lange; og etterkommar av Christian Christoph Andreas Lange, riksarkivar og ein viktig person for tilgang til norsk mellomalderlitteratur.

Bibliografi Lærebok i verdenshistorie fra oldtidens slutning til vore dage (med H. Schjøth) Histoire de l'internationalisme (1919) (Fyrste del av eit stort anlagt verk) Lærebok i verdenshistorie (1931) (med N. Østbye)

Bakgrunnsstoff Biografi på www.aktive-fredsreiser.no Biografi på nobelprize.org

Kategori:Norske diplomatar Kategori:Norske nobelprisvinnarar Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Vinnarar av Nobels fredspris Kategori:Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen