Volda Mineralvatn AS, tidlegare Brænne Mineralvatn, var ein brusprodusent opphavleg lokalisert på Folkestad i Volda kommune på Sunnmøre og seinare flytt til Furene industriområde. Foretaket vart starta i 1915, og vart drive av familien Brænne sidan 1927.
Brænne Mineralvatn var ein av dei siste frittståande brus-fabrikantane i Noreg. Dei har slite tungt i konkurransen med romsdalsbaserte Oskar Sylte Mineralvannfabrikk i Molde.
Brænne mineralvatn produserte brusen som vart selt i Lidl-butikkar i Noreg. Lidl vart kjøpt av Reitangruppen i 2008 som ikkje førte avtala vidarehttp://no.wikinews.org/wiki/Lidl_gir_opp_i_Norge_-_Rema_1000_overtar. I oktober 2009 meldte verksemda oppbod og Volda Mineralvatn og Brænne-brusen gjekk inn i historia etter 94 år med drift.Dagbladet: Volda Mineralvatn skrur på korken
Inntil nedlegginga var det 10-15 personar som arbeidde med framstilling av saft, leskedrikk, brus og mineralvatn hos Brænne.
Foretaket hadde si eiga vasskjelde, Aasen-kjelda, som ligg eit «steinkast» frå Ivar Aasens heimstad, 150 meter nede i grunnfjellet. Vatnet i kjelda er godkjent som naturleg mineralvatn etter internasjonale krav.
Produkt Klassiske produkt: Luks Florida Eplerose Brus med ananassmak Brus med sitronsmak Brus med pæresmak Festbrus Brus med bringebær- og rabarbrasmak
Produkt på lisens: Jolly Cola RC Cola Asina
Vatn Fjellbekk Fjellbekk med stitron
Referansar
Bakgrunnsstoff Nettsida til Volda mineralvatn Gravøl for Brænne NRK Fjellbekk
Kategori:Norske bryggjeri Kategori:Næringsliv i Volda Kategori:Føretak skipa i 1915 Kategori:Føretak nedlagde i 2009 Kategori:1915 i Noreg Kategori:2009 i Noreg