1. divisjon fotball for kvinner er den nest øvste divisjonen i norsk fotball for kvinner. Frå den nasjonale seriestarten i 1987 fram til 2000 var 1. divisjon regionalt inndelt, og vinnarane frå dei ulike puljane møttest i eit eller to gruppespel om opprykk. Frå og med 2001 har 1. divisjon vore nasjonal. Mellom 1987 og 1995 gjekk dette nivået under namnet 2. divisjon.

I samsvar med ynskje frå Sandviken vart det den 8. mars 2008 vedteke at 1. divisjon skulle utvidast frå 10 til 12 lag.12 lag i 1. divisjon kvinner Alle fylke vore representert i den nasjonale 1. divisjon sidan 2001; Østfold var det siste fylket som vart representert, då Sarpsborg 08 rykte opp i 2010.

Den første sesongen med 12 lag i 1. divisjon vart 2009, noko som medførte at ingen av laga i 1. divisjon rykte direkte ned etter enda 2008-sesong. Linderud-Grei og Gjøvik kom sist, og måtte ut i kvalifisering. Begge lag greidde seg. Den første sesongen med 12 lag, 2009-sesongen, var dramatisk ulik for dei to laga; Linderud/Grei vann og rykte opp, medan Gjøvik rykte ned.

I 2010 var dei to beste laga dei same som i 2003; Sandviken og Medkila. Alta rykte ned etter å ha blitt nummer tre året før. Ein konkurs i divisjonen over gjorde at berre eitt lag rykte ned frå Toppserien og 1. divisjon.

Historikk

År Vinnar Opprykk Notar 2019 Fløya 2017 Lyn Oslo 2016 Grand Bodø 2015 Urædd 2014 Sandviken 2013 Grand Bodø 2012 Avaldsnes 2. plass omgjort frå direkte opprykk til kvalifisering mot 11. plass i Toppserien 2011 Vålerenga Fart 2010 Sandviken Medkila 2009 Linderud/Grei Donn 2008 Sandviken Fortuna Ålesund 1. divisjon utvida til 12 lag, dei to dårlegaste laga i 1. divisjon spelte kvalifisering mot avdelingsvinnarane i 2. divisjon om nedrykk. 2007 Fart Larvik 2006 Asker Kattem, Grand BodøGrand Bodø rykte opp etter kvalifisering. Toppserien utvida til 12 lag, 3. og 4. plass i 1. divisjon spelte kvalifisering mot dei to dårlegaste laga i Toppserien om opprykk. 2005 Arna-Bjørnar Amazon Grimstad 2004 Kattem Liungen 2003 Sandviken Medkila 2002 Liungen Fløya Athene Moss trekte laget, sesongen gjennomført med 9 lag. 2001 Sandviken Larvik Grand Bodø trekte laget, sesongen gjennomført med 9 lag. År Opprykk Kvalifisering System 2000 LiungenRøa Fløya, Fortuna ÅlesundFollese, Haugar 57 lag i 6 avdelingarSluttspel: 2 grupper á 3 lag 1999 ByåsenLarvik Medkila, VossHaugar, Liungen 55 lag i 6 avdelingarSluttspel: 2 grupper á 3 lag 1998 Grand BodøKaupanger Liungen, Solid Larvik, Verdal 55 lag i 6 avdelingarSluttspel: 2 grupper á 3 lag 1997 ByåsenFløya Haugar, JardarKaupanger, Larvik 55 lag i 6 avdelingarSluttspel: 2 grupper á 3 lag 1996 BjørnarVerdal Donn, Fløya Raufoss/Vind, Bergen Nord 58 lag i 6 avdelingarSluttspel: 2 grupper á 3 lag 1995 BølerGjelleråsen Bjørnar, Fløya Verdal, Vidar 55 lag i 6 avdelingarSluttspel: 2 grupper á 3 lag 1994 Grand Bodø, Kolbotn Solid, Verdal 44 lag i 5 avdelingarAvdelingsvinnarane frå Vestlandet møttest til regional finale 1993 Haugar, BUL, Oslo, Furuflaten 39 lag i 4 avdelingar 1992 Donn, Fløya Haugar, Verdal 40 lag i 4 avdelingar 1991 Jardar, Spjelkavik Fløya, Haugar 39 lag i 4 avdelingar 1990 Grand Bodø, Sandviken Donn, Spjelkavik 36 lag i 4 avdelingar 1989 BUL, Oslo, Fløya Nymark, Stjørdals-Blink 39 lag i 4 avdelingar 1988 Skedsmo, Vard Fløya, Rindals-Troll 38 lag i 4 avdelingar 1987 Jardar, Heimdal Fløya, Nymark 38 lag i 4 avdelingar

2020 Serien har følgjande lag (2020): Stabæk Fotball Kvinner Øvrevoll Hosle Medkila Åsane Damer Hønefoss KIL/Hemne Amazon Grimstad Grei-KE Fart Fløya Kjelder

Denne artikkelen bygger på «1. divisjon fotball for kvinner» frå , den 11. mai 2013. oppgav desse kjeldene: