mini|250px|Wildspitze, høgste fjelltoppen i Ötztaleralpane mini|250px|Weißkugel, sett frå nord mini|250px|Hintere Schwärze
Ötztaleralpane er ei fjellkjede i sentrale område av Alpane i Austerrike. Ho ligg øvst i Ötztal, ein sidedal til dalen elva Inn renn gjennom, sørvest for Innsbruck. Fjelltoppane i fjellkjeda dannar grensa mellom Austerrike og Italia. I vest grensar fjellkjeda mot Reschenpasset, medan ho i aust grensar til Stubaieralpane med Timmelsjoch i mellom.
Det høgaste punktet i Ötztalalpane er Wildspitze, som òg er det nest høgaste fjellet i Austerrike (etter Großglockner).
I september 1991 vart leivningane etter ein mann, som fekk kallenamnet Ötzi funne nær Hauslabjoch mellom fjelltoppane Fineilspitze and Similaun.
Fjell Dei høgste fjelltoppane i Ötztaleralpane: Wildspitze 3 768 m Schalfkogel 3 537 m Weißkugel 3 739 m Hochvernagtspitze 3 535 m Hintere Brochkogel 3 628 m Watzespitze 3 532 m Hintere Schwärze 3 624 m Mutmalspitze 3 522 m Similaun 3 599 m Weißseespitze 3 518 m Vordere Brochkogel 3 565 m Fineilspitze 3 514 m Ötztaler Urkund 3 556 m Fluchtkogel 3 497 m Marzellspitze 3 555 m Firmisanschneide 3 491 m Innere Bärenbartkogel 3 553 m Hochwilde 3 480 m Ramolkogel 3 549 m Hintere Seelenkogel 3 470 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ötztaler Alpen» frå , den 24. juli 2014.
Kategori:Fjellkjeder i Alpane Kategori:Fjellkjeder i Austerrike