Alazani (georgisk ალაზანი, aserbajdsjansk Qanıx) er ei elv som renn gjennom Kaukasus, og er ei av dei store sideelvene til Kura i austlege område av Georgia med ei lengd på 351 km. Delar av elva dannar grensa mellom Georgia og Aserbajdsjan, før ho møter Kura ved Mingəçevir-reservoaret.

Alazani har sitt utspring i Store Kaukasus der to små elvar renn i hop like sør for ryggen. Ho renn først gjennom området Akhmeta mot sør, så gjennom den frodige Alazanidalen i Kakheti mot søraust. Alazani er senteret for georgisk vindindustri, og i fleire hundre år var det frå her persarane invaderte områda lenger nord.

Alazani tørkar som regel heilt ut om vinteren, men seint på våren, då snøen smeltar i fjella, vert ho særs stor, og fører ofte med seg flaum. Elvar vert hovudsakleg brukt for vatning og drikkevatn. På 1990-talet bygde kinesiske investorar eit lite vasskraftverk, som nyttar seg av den sterke straumen i Alazani. Elva er òg populær for rafting blant turistar.

Elva er noko forureina av uhandsama kloakk frå byar og andre busetjingar og jordbruksureining. I distrikta Kvareli og Lagodekhi er vasskvaliteten dårleg.

Alazani gjev òg namnet sitt til forskjellige georgiske vinar, mellom anna dei halvtørre vinane Marani Alazani Valley og Old Tbilisi Alazani.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alasani» frå , den 8. februar 2007.

Kategori:Kaukasus Kategori:Elvar i Aserbajdsjan Kategori:Elvar i Georgia