Øivind Blunck () er ein norsk skodespelar og komikar fødd i Oslo.
Karriere Blunck er kjend for ei rekke humoristiske roller i fjernsyn og på teater, mellom anna som tenåringen Reidar, mopedoriginalen Fridtjof, i revyar saman med Hege Schøyen og som politimannen Holm i fem filmar om Olsenbanden.
Han gjorde et uutsletteleg inntrykk som assyriologen Henrik Meisel i ABC-Teatret sin forviklingskomedie Den Spanske Flue. Han hadde òg rolla som kroverten Thénardier i musikalen Les Misérables då denne vart sett opp første gong i Noreg i 1988.
Øivind Blunck var gift med Guri Schanke frå 1991 til 2008. Han vann Leonardstatuetten i 1998.
Bakgrunnsstoff Intervju i Dagbladet 1999 Nett-TV 2003 (intervju med Blunck i programmet Først & sist den 10. januar 2003) Nett-TV 2006 (intervju med Blunck i programmet Først & sist den 17. november 2006)
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske komikarar Kategori:Folk frå Oslo