Treskavica er eit fjell sentralt i Bosnia-Hercegovina, like sør for Sarajevo. Det meste av fjellet ligg i Republika Srpska, medan ein mindre del i vest ligg innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina.

Med ei høgd på 2 088 meter er Treskavica det høgaste av Sarajevo-fjella, og berre 300 meter lågare enn det høgaste fjellet i landet. På klåre dagar med fint vêr kan ein sjå heilt til Montenegro og Adriahavet

Kategori:Fjell i Bosnia-Hercegovina