Bijeljina (kyrillisk Бијељина) er ein by og ein kommune i nordaustlege delar av Den bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska), den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.
Byen ligg på den flate og grøderike sletta Semberija, berre 6 km frå grensa til Serbia.
Historie Byen vart første gong nemnd i dokument etter presten Dukljanin, der han nevnar at grev Bele-Pavlimir vann over ungararar i «dalen Belina». Bijeljina vert òg nemnd 3. mars 1446, då ein handelsmann frå Dubrovnik vart røva her.
Bijeljina har i dei siste 500 åra skifta ut heile folkesetnanden. Første gong var då tyrkarane kom i 1520 og andre gong då austerrikarane kom i 1716.
Den eldste bygningen i byen stammar frå tida omkring 1548, og er eit serbisk kloster kalla Tavna.
Serbarane frå dette området støtta oppstanden leia av Karadjordjević, men dei mislykkast, og dei lei store nederlag i forsøk på å frigje fanga serbarar frå tyrkarane i tida 1875–1878.
Folketal Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 1991 Folketal 2013 Bijeljina 36 414 42 278 Janja 10 458 11 710 1 587 4 873 3 549 3 942 646 2 619 3 118 2 566 769 2 126 2 963 2 078 Kommunen Bijeljina 96 988 107 715
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bijeljina» frå , den 21. februar 2007.
Referansar
Kategori:Byar i Bosnia-Hercegovina Kategori:Byar og tettstader i Den bosniske serbarrepublikken Kategori:Kommunar i Den bosniske serbarrepublikken