mini|Kelly Clarkson opptrer i 2010. Kelly Brianne Clarkson () er ein amerikansk songar fødd i Texas. Ho var med i fyrste sesong av American Idol i 2002, og vann heile konkurransen. Då ho deltok i World Idol, vart ho likevel slått av Kurt Nilsen.
Kelly Clarkson er den idol-artisten som har hatt størst suksess i verda, om ein ser på platesal. Debutsingelen hennar, «A Moment Like This», kom rett inn på førsteplassen på US Billboard Hot 100 og laga ny rekord for det høgaste hoppet til førsteplassen i historia til topplista. Singelen blei den som selde mest i USA i 2002.
Diskografi 2003 – Thankful 2004 – Breakaway 2007 – My December 2009 – All I Ever Wanted 2011 – Stronger 2012 – Greatest Hits - Chapter 1 2013 – Wrapped In Red 2015 – Piece by Piece
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Kelly Clarkson Web
Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Folk frå Fort Worth Kategori:USA-amerikanske Idol-deltakarar Kategori:Idol-vinnarar Kategori:World Idol-deltakarar