Are Kalvø () er ein norsk forfattar, kåsør og satirikar. Han debuterte som forfattar i 1994 med boka Absolutt Oslo. Hausten 2004 kom Are Kalvø sin fyrste roman, Nød. Are Kalvø skriv på nynorsk.
Frå 1993 til 2009Gravøl for Hallo i uken-gjengen var Kalvø ein av programleiarane for Hallo i uken, eit satirisk helgemagasin på NRK P2.
Han var både tekstredaktør og skodespelar i sceneframsyningane Tusen år og like blid (Det Norske Teatret 1998), 3 mot 1 er feigt (Sentrum Scene 2001) og Det folk vil ha (Det Norske Teatret 2005).
Utmerkingar 1995: Årets frilanser 1997: Vinjeprisen Kalvø vann Sigmund Skard-stipendet i 2001 Kalvø vann Sunnmørsprisen i 2003 for samla forfattarskap Kalvø vann Målprisen i 2004 Han vart tildelt Kringkastingsprisen for 2005 2010: Stå opp-prisen 2015: Komiprisen 2016: Storegutprisen 2018: Heddaprisen
Verk Bøker Humor/satire 1994 - Absolutt Oslo (Samlaget) 1995 - Store nordmenn (Samlaget) 1996 - Kunsten å vere neger (Samlaget) 1997 - Men fjernkontrollen min får du aldri (Samlaget) 1999 - Harry (Samlaget) 2002 - Bibelen 2 (Det Norske Samlaget) 2002 - Syden (Gyldendal) 2005 - Norsk Humor (redaktør) 2007 - Våre venner kinesarane (Det Norske Samlaget) 2012 - Ny grunnlov 2016 - Are Kalvø på scenen, teater-, revy- og standup-tekstar 2018 - Hyttebok frå helvete 2021 - Meininga med livet. Eller: Yes Sir, I can boogie
Romanar 2004 - Nød
Sceneverksemd 1998 - Tusen år og like blid (Det Norske Teatret, Oslo) 2001 - 3 mot 1 er feigt (Sentrum Scene, Oslo) 2005 - Det folk vil ha (Det Norske Teatret, Oslo)
Kringkasting Radio 1993—2009 - Hallo i uken på NRK P2 (programleiar)
TV 2011: Mysteriet Norge (NRK1) - Humorinnslag 2010/2013: Nytt på nytt (NRK1) - Lagleiarvikar 2010–2013: Sportsrevyen (NRK1) - Humorinnslag 2013: Riksforsamlinga (NRK1) - Programleiar, manusforfattar
Referansar
Bakgrunnsstoff www.arekalvo.no
kategori:Folk frå Stranda Kategori:Forfattarar frå Møre og Romsdal Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske forfattarar kategori:Programleiarar for NRK kategori:Vinnarar av Heddaprisen Kategori:Vinnarar av Storegutprisen