Krk (italiensk Veglia, latin Curicta) er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, nær Rijeka (italiensk Fiume) i Kvarnerbukta (italiensk Quarnaro) og ein del av Primorje-Gorski Kotar fylke.

mini|venstre|Krk detaljkart Krk er den nest største øya i Adriahavet med eit areal på 405,22 km², og den mest folkesette med mange landsbyar. Sjølv om nylege studiar har vist at Cres (italiensk Cherso) er den største kroatiske øya, seier offisielle data at Krk er den største.

Heile øya hadde 19 916 innbyggjarar i 2021, kommunen Krk hadde 6 816 og sjølve byen hadde 3 935 innbyggjarar.

Økonomi og infrastruktur Krk ligg forholdsvis nær fastlandet og har vore forbunde til fastlandet via ei 1 430 meter lang bogebru, kalla Krkbrua, sidan 1980, ei av dei største betongbruene i verda. Sidan ho ligg nær byen Rijeka, ligg Rijeka flyplass ved Omišalj, i tillegg til eit oljeraffineri (som er knytt til hamna i Rijeka. Eit kloster ligg på den litle øya Košljun i ei bukt utanfor kysten av Krk.

Krk er ein populær feriestad sidan ho ligg nær både Slovenia, sørlege delar av Tyskland, Austerrike, og Nord-Italia. Etter at Austblokka kollapsa har mange turistar òg kome frå Ungarn, Romania og andre tidlegare austblokkland.

Historie Øya har vore busett sidan før 900-talet fvt. Romarane kalla øya Curicta. Under Den romerske borgarkrigen var Curictabukta åstad for sjøslag mellom flåtane til Cæsar og Pompeius

Over tusen år seinare vart øya sentrum for Vegliot-dialekten i det dalmatiske språket. Krk var òg sete for biskopar og Frankopan-familien i mellomalderen.

Folketal Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Krk kommune 5 491 6 281 6 816 Baška kommune 1 554 1 674 1 656 Dobrinj kommune 1 970 2 078 2 150 Malinska-Dubašnica kommune 2 726 3 134 3 212 Omišalj kommune 2 998 2 983 2 992 Punat kommune 1 876 1 973 1 900 Vrbnik kommune 1 245 1 260 1 190 Øya Krk 18 866 19 383 19 916

Dei største tettstadene på øya var:

Kommune Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Krk Krk 3 364 3 730 3 935 Omišalj Omišalj 1 790 1 868 1 877 Punat Punat 1 784 1 860 1 784 Omišalj 1 208 1 115 1 115 Krk 769 846 939 Baška Baška 901 981 899 Vrbnik Vrbnik 944 948 887 Malinska Malinska-Dubašnica 607 965 816 Krk 325 433 500 Dobrinj 381 384 418

Kjelder Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell side Turiststader på Krk

Kategori:Øyar i Kroatia